Kotingaer
| Kotingaer | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Cotingidae | |
Kotingaer, vitskapleg namn Cotingidae, er ein stor familie i ordenen Passeriformes. Dei finst i Sentral-Amerika og Sør-Amerika.
Skildring [endre]
Kotingaer lever i skoghabitat eller i utkanten av skog og har ein diett av frukt, somme artar også insekt. Dette er ei ueinsarta gruppe, men alle har breitt, krumma nebb, avrunda venger, og sterke bein. Kotingafamilien kan vere den familien av sporvefuglar som varierer mest i storleik, alt frå 8-cm for fuglekongekotinga til 50 cm for tomatparasollfugl, sjølv om den førstnemnte kanskje ikkje er ein ekte kotinga.
Hannar av mange kotingaartar, for eksempel andesklippehane, har kraftfulle farger, eller dekorasjonar med fjørduskar eller fargerike hudfolder, som parasollfuglar Cephalopterus, med sin parasolliknande kam og lange hudfold på halsen. Andre, som stentorpiha, har karakteristiske og langtrekkande kallerop. Hoene av dei fleste artane har meir nedtona farger enn hannane. Dei fleste artane er polygyniske, og berre hoer har ansvar for egg og ungar. Hos mange artar har hannane detaljrike kurtiseringritual, ofte med spel i grupper. I slekter som lever i trekroner som Carpodectes, Cotinga og Xipholena samlar hannane seg oppe i eit eller fleire tre, medan andre som lever på bakken viser spelet på bakken. Purpurskjeggkotinga lever i grupper av blanda kjønn der ei ho legg eitt egg og dei andre i gruppa syter for føda til ungen. Reira kan variere i utforming alt etter art. Mange artar legg eitt egg i eit reir som er så spinkelt at egget er synleg frå undersida. Dette gjer reira mindre iaugefallande og mindre sårbare for åtak frå predatorar. Artar som et frukt byggjer meir solide skålforma reir. Klippehanane gjer reira sine av jord og søle og fester reira til bergsider.
Artslista [endre]
Kotingaer i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]
|
Slekt Carpornis
Slekt Pipreola
Slekt Ampelioides
Slekt Zaratornis
Slekt Phytotoma, 3 artar av planteklipparar Slekt Doliornis
Slekt Ampelion
Slekt Phoenicircus
Slekt Rupicola
Slekt Snowornis
Slekt Haematoderus
Slekt Querula
Slekt Pyroderus
Slekt Cephalopterus
|
Slekt Perissocephalus
Slekt Cotinga
Slekt Lipaugus, pihaer
Slekt Tijuca
Slekt Procnias
Slekt Porphyrolaema
Slekt Carpodectes
Slekt Xipholena
Slekt Gymnoderus
Slekt Conioptilon
Slekt Phibalura
Slekt Calyptura
|
|
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Cotinga frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
-
- Prum, Richard O.; Snow, David W. (2003). Cotingas, in Christopher Perrins (Ed.): Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books, 432–433. ISBN 1-55297-777-3.
- Remsen, J. V., Jr., C. D. Cadena, A. Jaramillo, M. Nores, J. F. Pacheco, M. B. Robbins, T. S. Schulenberg, F. G. Stiles, D. F. Stotz, & K. J. Zimmer. 2007. A classification of the bird species of South America. American Ornithologists' Union. Lest 12. desember 2007.
Referansar [endre]
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view, henta 2. januar 2011
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)