Gullklippehane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gullklippehane

Status i verda: LC Livskraftig

Hannfugl fotografert i Presidente Figueiredo i delstaten Amazonas i Brasil Foto: Almir Cândido de Almeida
Hannfugl fotografert i Presidente Figueiredo i delstaten Amazonas i Brasil
Foto: Almir Cândido de Almeida

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Cotingidae
Slekt: Rupicola
Art: R. rupicola
Vitskapleg namn
Rupicola rupicola

Gullklippehane, Rupicola rupicola, er ein kotinga, ein søramerikansk sporvefugl på rundt 28 cm i lengd. Den lysoransje hannen har ein uvanleg, halvmåneforma fjørtopp, som blir brukt under oppvisingar i spel på spelplassar for å trekkje til seg hofuglar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gullklippehanen er ein fugl med kompakt kroppsbygging. Hannfuglen av har ein eineståande, halvmåneforma kam, ein svart hale med oransjefarga fjørtoppar, venger i svart, oransje og kvitt, og silkeaktig, oransje filament på oversida av armdekkfjørene. I tillegg har hannar av denne arten òg oransje nebb, bein og hud. Hoa er langt mindre iaugefallande med mørk, brungrå fjørdrakt og har gul spiss på det elles svarte nebbet og ein mindre kam enn hannen. Begge kjønna har ei total lengd på ca. 28 cm og veg 190-210 gram, hannen ca. 20 gram meir enn hoa.[1] Dietten består hovudsakleg av frukt.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Gullklippehanen har geografisk utbreiing i det som omtrentleg svarar til Guayanaskjoldet i nordaustre Sør-Amerika. I Venezuela er dette Guayana-regionen med delstatane Amazonas og spesielt langs Sierra de Lema i Bolívar. Han finst dessutan sørover gjennom Fransk Guyana, Surinam og Guyana til Brasil, i Brasil i dei nordlege delar av delstatane som er dekt av regnskogen i Amazonas, vestover og inn i austlege Colombia. Den føretrekte habitatstypen er fuktig skog nær fjellknausar, opp til 2000 moh., der dei kan finne sikre reirplassar.[1]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Akkurat som hos slektningen andesklippehane, er gullklippehanen polygam, og hannen har ikkje noko å gjere med hekking etter at paringen har skjedd. Den mannlege energien blir i staden vigd til svært forseggjorte ritual som viser fram den flotte fjørdrakta. Desse oppvisingane føregår i på felles spelplassar, der 40 eller fleire hannar, mest vanleg færre, kan samlast for å utfordre rivalar og lokke hoene.[2][3]

Kammen på hannen kan skjule nebbet, og vengefjørene med silkefjører kan bli så store at dei skjuler halen, mest slik at det gjer det vanskeleg å gjenkjenne arten. Innanfor spelet har kvar fugl sin eigen plass på ei låg grein, med eit spelfelt på bakken nedanfor som er rydda for daude blad av vengeslag av hannfuglen som har landa og tatt av. Dei har òg ei rekkje rop og rørsler, viser fram kammen og dei langstrekte filamenta på overgumpen og vengene, og dei smeller med nebba.[2][3] Hannar sit på greiner ca 2,5 meter over bakken inntil ei ho nærmar seg, og hannar går ned på bakken og ropar frå sine felt på bakken.[4] Det er hoa som vel hannar for paring, og berre blant dominerande hannar, og dermed vil nokre få utvalde hannar oppnå dei fleste paringane.[1]

Hoa legg 1-2 egg i reiret av slam og plantemateriale, som er festa med spytt til ein vertikal fjellvegg. Hoa rugar aleine i 27-28 dagar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Hilty, Steven L. (2002-11-29). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185. 
  2. 2,0 2,1 Burton, Maurice; Robert Burton (2002). International Wildlife Encyclopedia. Marshall Cavendish. s. 490. ISBN 9780761472704. 
  3. 3,0 3,1 Ridgely, Robert S.; Guy Tudor (1994). The Birds of South America: The Suboscine Passerines. University of Texas Press. ss. 778–779. ISBN 0-19-857218-2. 
  4. Attenborough, David (1998). «Finding partners». The Life of Birds. England: BBC Books. ss. 211–212. ISBN 0563387920. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]