Kråkvågfjorden

Koordinatar: 63°37′1.1352″N 9°16′40.634″E / 63.616982000°N 9.27795389°E / 63.616982000; 9.27795389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°37′1.1352″N 9°16′40.634″E / 63.616982000°N 9.27795389°E / 63.616982000; 9.27795389 Kråkvågfjorden er ein fjord i Hitra, Orkland og Ørland kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 13 km søraustover til starten av Trondheimsfjorden.

Fjorden ligg på vestsida av Ulvøya, Fjellværsøya og sjølve Hitra. I aust ligg øyane Storfosna og Kråkvåg, som fjorden er kalla opp etter. I sør grensar fjorden til Sørleksa og Nordleksa. Sør for desse øyane igjen ligg enden av Trondheimsleia.

Fjorden har innløp mellom Kobbskjera i vest og Uggsteinskjera i aust og endar der Trondheimsleia møter Trondheimsfjorden sør for Garten.

Mellom Fjellværsøya og Hitra går Fillfjorden vestover.