Krøller eller ej

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Krøller eller ej»
Song av Tommy Seebach og Debbie Cameron
Land Danmark
Språk Dansk
Utgjeve 1981
Sjanger Pop, slager
Lengd 02:52
Selskap EMI
Komponist Tommy Seebach
Låtskrivar(ar) Tommy Seebach, Keld Heick

«Krøller eller ej» (norsk omsetjing ‘krøller eller ikkje’) er ein dansk popsong med visse elektronika-element frå 1981, komponert av Tommy Seebach, med tekst av Keld Heick. Songen blei framført av Seebach saman med Debbie Cameron. Han vann Dansk Melodi Grand Prix 1981, og var det danske bidraget i Eurovision Song Contest same året i Dublin. I den internasjonale finalen enda songen på ein delt ellevteplass med 41 poeng.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Krøller eller ej» er ei hylling til alle barn: Om dei har lyse krøller eller ikkje, brune auge eller ikkje, så er dei elska. Vidare går teksten: «Vi håber alle på at de må få de ting, de ønsker sig, Om de' fire eller tres, har krøller eller ej».[1]

«Krøller eller ej» var eit av fem bidrag i den danske finalen 28. februar 1981 på Restaurant Valencia i København. Songen vann finalen med 441 poeng av 500 moglege, og han blei dimed det danske bidraget til Eurovision Song Contest 1981 i Dublin.[2]

I Dublin var «Krøller eller ej» det sjette bidraget på scena av 20 bidrag. Songen blei dirigert av Allan Botschinsky, og på scena sat Tommy Seebach ved eit keyboard, mens Debbie Cameron song og dansa undervegs. Det var også to dansarar med, i tillegg til koristane Michael Elo og Ianne Elo.[3] Både Michael og Ianne Elo og Debbie Cameron hadde også kora på vinnarsongen til Seebach frå 1979, «Disco Tango» som blei nummer seks i Eurovision Song Contest 1979.[4]

I avrøystinga fekk «Krøller eller ej» til saman 41 poeng, inkludert 12 poeng frå den belgiske jurygruppa. Den norske jurygruppa gav ingen poeng til det danske bidraget.[5] Storbritannia vann tevlinga med «Making Your Mind Up».[6]

Fleire tiår seinare hevda Debbie Cameron at den britiske sigeren var fiksa på førehand.[7] I ei bok frå 2010 om kollegaen Tommy Seebach, hevda Cameron at ho blei kontakta av ein mann da ho skulle sjekke ut av hotellet etter finalen. Mannen var ifølgje Cameron ein høgtståande BBC-tilsett som fortalde at dei hadde sabotert ljoden på prøvene til Danmark, Israel og Tyskland. «Av politiske årsaker har det i lang, lang tid i forkant vore avtalt at Storbritannia skulle vinne Eurovision Song Contest. Eg stod i kontrollrommet og var vitne til at alle landa som hadde ein sjanse til å vinne over gruppa Bucks Fizz, blei saboterte av teknikarane. Og to av dei landa kor eg så at dette skjedde, var under Danmarks og Israels song.»[7] Mannen er ukjend, og påstandane har aldri blitt ettergådde.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Seebach og Debbie Cameron gav også ut ein engelsk versjon av songen, kalla «Straight Or Curly Hair».[8]

I 1998, 17 år etter at «Krøller eller ej» blei gjeven ut, fekk den danske versjonen nytt liv i ein discoversjon kalla «Krøller eller ej '98».[9] Seebach gav discoversjonen ut saman med eit samlealbum og turnerte danske diskotek med den nye versjonen.

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

«Krøller eller ej» var den åttande mest populære songen i Danmark i 1981, ifølgje den offisielle danske singellista for året 1981.[10]

Årsliste for 1981 Høgaste
plassering
Flagget til Danmark Danmark (Årets singelliste) 8

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ZoleX. «Tekst: Krøller eller ej, Tommy Seebach». www.zolex.dk (på dansk). Henta 30. juli 2018. 
  2. «Danish national final 1981». natfinals.50webs.com. Henta 30. juli 2018. 
  3. «Krøller eller ej - info - Diggiloo Thrush». diggiloo.net (på engelsk). Henta 30. juli 2018. 
  4. «Disco Tango - info - Diggiloo Thrush». diggiloo.net (på engelsk). Henta 30. juli 2018. 
  5. «Danmarks poeng i Eurovision Song Contest 1981». eurovision.tv. EBU. Arkivert frå originalen 30. juli 2018. Henta 30. juli 2018. 
  6. «Dublin 1981 – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 30. juli 2018. Henta 30. juli 2018. 
  7. 7,0 7,1 «Britisk Grand Prix-sejr i 1981 var aftalt spil». www.bt.dk (på dansk). Henta 2. august 2017. 
  8. «Tommy Seebach + Debbie Cameron - Straight Or Curly Hair». Discogs (på engelsk). Henta 30. juli 2018. 
  9. «Tommy Seebach – Krøller eller ej '98». Discogs (på engelsk). Henta 30. juli 2018. 
  10. «Største hits i 1981». danskehitlister.dk. Danske hitlister. Henta 30. juli 2018.