Krefeld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krefeld
Rhinhamna i Krefeld
Rhinhamna i Krefeld
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Krefeld
Krefeld is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Düsseldorf
Kreisfri by
Først nemnd i 1105
Geografi
Flatevidd
 - By

137,68 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

242nbsp;103
  1 758/km²
Koordinatar 51°20′0″N 06°34′0″EKoordinatar: 51°20′0″N 06°34′0″E
Høgd over havet 39 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 47701-47839
Telefon-retningsnummer 02151
Bilnummer KR
Heimeside: www.krefeld.de

Krefeld er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 240 000 innbyggjarar. Sentrum av byen ligg eit par kilometer vest for Rhinen, men ho renn gjennom bydelen Uerdingen. Fram til 1929 vart byen tidlegare kalla Crefeld.

Innbyggjarane i Krefeld snakkar høgtysk, den tyske dialekten som alle tyskarar lærer. Ein lokal dialekt er derimot ein variant av plattysk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen har opphav tilbake i romartida då legionar grunnla ein militærleir kalla Gelduba her (i dag bydelen Gellep). Krefeld sjølv vart først nemnd i 1105 med namnet Krinvelde. Uerdingen var opphavleg ein sjølvstendig by aust for Krefeld, og vart grunnlagd i 1255. I mellomalderen var han ein større og viktigare by enn Krefeld.

Byen byrja å vekse på 1600-talet då Krefeld var ein av få byar som ikkje vart hardt råka av trettiårskrigen. Byen vart raskt overbusett, og i 1683 flytta tretten familiar (Mennonitar) frå Krefeld, reiste over Atlanteren og grunnla busetnaden Germantown i USA, som i dag er ein del av Philadelphia.

Byen Uerdingen var mindre heldig og vart nesten heilt jamna med jorda i trettiårskrigen av troppar frå Hessen. Krefeld voks seg større enn Uerdingen, og i 1928 vart dei to slått saman.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Krefeld

Kjelde[endre | endre wikiteksten]