Kristian Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristian Lund
Fødd12. februar 1932
Furnes
Død18. april 2012 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, ingeniør, offiser
Alle verv

Kristian Lund (12. februar 193218. april 2012) var ein norsk hærmann, ingeniør, seljar og politikar som representerte Oppland fylke og partiet HøgreStortinget 1981-85.

Lund var son til ein skipper og ein lærar. Sjølv gjekk han Hærens befalsskule for samband i 1951 og var sambandsoffiser i åra 1952-60, med unnatak for 1956-58 då han studerte til ingeniør i teleteknikk. Frå 1961 til 1981 var han elektronikklærar ved Hærens Tekniske Fagskole. Perioden 1985-95 arbeidde han for Norsk Informasjonsteknologi A/S, siste seks åra som salssjef. Han avslutta arbeidsdagen som salssjef 1995-99 i IBM Norge.

Lund engasjerte seg politisk for Høgre. Valperioden 1972-75 var han medlem i Lillehammer bystyre. Dei neste to valperiodane, 1976-79 og 1980-83, var han fylkestingsmedlem i Oppland. Før han vart vald inn på stortinget i 1981 hadde han også plass i fylkesutvalet. Valperioden 1981-85 representerte han Oppland og Høgre på stortinget, der han var medlem i Sosialkomiteen. Lund var så nestleiar i riksrevisjonen i perioden 1986–94. Frå 1989 til -94 hadde Lund ulike posisjonar i Det regionale høgskulestyret for Oppland, leiar 1989-92.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]