Urnes stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°17′52″N 7°19′17″E

Urnes stavkyrkje
Urnes stavkirke 2009.JPG

Urnes stavkyrkje (2009)
Foto: Petr Šmerkl

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Bjørgvin
Prosti:  Indre Sogn
Fellesråd:  Luster
Sokn:  Solvorn
Innvigd:  På 1130-talet
Endringar:  Noko ombygd på 1600-talet
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Teknikk:  Stavverk
Materiale:  Tre
Mål:  Skipet: 8,8 m x 6,7 m
Koret: 6,3 m x 4,4 m/3,8 m
Takhøgd i skipet: 10,7 m[1]
Takryttar:  Over vestre enden av skipet
Portal:  Portal frå siste halvdel av 1000-talet
Skip:  Treskipa
Kyrkjerommet
Altartavle:  1699
Diverse:  Krossfestingsgruppe av tre frå 1100-talet.
Den eldste stavkyrkja.
På Unesco si verdsarvliste frå 1979.
Commons-logo.svg
Urnes stavkyrkje på Commons

Urnes stavkyrkje er ei stavkyrkjeOrnes i Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke.

Innhaldsliste

Historie [endre]

Kyrkja vart bygd kring 1100–1150 og er rekna for å vera den eldste stavkyrkja i Noreg. Dateringa basert stilelement peikar mot åra 1130-1160, og Urnes har ein enklare konstruksjon enn Høre stavkyrkje og Stedje stavkyrkje noko som tyder på at Urnes er eldre.[2] Kyrkja er ein lekk mellom kunsten i vikingtida med typisk dyreornamentikk, som vert kalla urnesstil, og den kristne stavkyrkjearkitekturen. Mange forskarar meiner at det på staden har vore to eller tre kyrkjer tidlegare, på 1000-talet.Den nordlege portalen i urnesstil kan vera frå denne tida. Portalen har tidlegare stått i ein annan bygning, slik det går fram av at portalvangane er skorne litt respektlaust av for å passe inn i kyrkjeveggen. Den eldste kyrkja på staden har truleg hatt nedgravde hjørnestolpar, veggstolpar og fire innvendige stolpar.[3]

Ei kyrkje på Ornes er første gong nemnt i 1323, då presten sira Erlender a Ornesi er nemnt i eit brev.[1][4]

Etter reformasjonen på 1500-talet blei korveggen mellom koret og skipet fjerna, og det vart opna lysgluggar. I 1607 vart veggene i koret måla. Ifølgje ein rapport frå 1665 var det då nyleg sett inn ein kvelv over alteret, men det draup likevel ned i koret og på preikestolen. I 1722 blei kyrkja skildra som «en gammel Stavekirke med Svale rundenom og et Taarn ovenpaa».[1] Kyrkja hadde då altså framleis ein svalgang, som no er borte, unnateke på vestsida. Rundt 1850 vart kyrkja selt for 20 spesidalar. Fortidsminneforeningen kjøpte kyrkja i 1881. Dei fjerna det innlagte loftet, som ikkje var originalt, og lysgluggane frå etter reformasjonen.[1]

Urnes stavkyrkje vart i 1979 teke med på UNESCO si verdsarvsliste.

Stavkyrkja er eigd av Fortidsminneforeningen. Ho vert nytta til kyrkjelege handlingar berre av og til.

Kjelder [endre]

Fotnotar [endre]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892)
  2. Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelens kunstfaglige bibliotek. Oslo: Cappelen.
  3. Om tidlegare kyrkjer på staden, sjå: Krogh, Knud J. (2011): Urnesstilens kirke : forgængeren for den nuværende kirke på Urnes og Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelens kunstfaglige bibliotek. Oslo: Cappelen.
  4. Primærkjelde i Diplomatarium Norvegicum VII, 98

Litteratur [endre]

  • Christie, Håkon. 2009. Urnes stavkirke : den nåværende kirken på Urnes. Oslo: Pax Forlag/Riksantikvaren. ISBN 978-82-530-3245-0
  • Krogh, Knud J., Urnesstilens kirke : forgængeren for den nuværende kirke på Urnes, i serien [Kirkene på Urnes] 2, Oslo 2011: Pax Forlag ISBN 978-82-530-3400-3
  • Frøysaker, Tine, Den bemalte og forgylte kalvariegruppen fra 1100-tallet i Urnes stavkirke : konservering 2001-2003, i serien NIKU rapport – (hefte nr. 3) ISBN 82-8101-012-6

Bakgrunnsstoff [endre]