Kuma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kuma
Utspring Kaukasus
Munning Kaspihavet
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 802 km
Middelvassføring 12 m³/s
Nedslagsfelt 33 500 km²

Kuma (russisk Вишера) er ei elv Stavropol kraj og republikkane Karatsjajevo-Tsjerkessia, Kalmykia og Dagestan i Russland og munnar ut i Kaspihavet. Elva er 802 km lang og har eit nedslagsfelt på 33 500 km². Elva har ei middelvassføring på 12 m³/s.

Elva spring ut frå nordsida av Kaukasus, vest for Kislovodsk i republikken Karatsjajevo-Tsjerkessia. Ho renn nordaustover gjennom Stavropol kraj og byane Mineralnyje Vody, Zelenokumsk, Budjonnovsk og Neftekumsk. Kuma held fram austover og dannar grensa mellom Dagestan og Kalmykia heilt til ho munnar ut i Kaspihavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]