Kupa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kupa
Kupa ved Prelesje
Kupa ved Prelesje
Utspring Razloge i Gorski kotar i Kroatia
- Høgd 313 m
Munning Sava ved Sisak i Slovenia
Land i nedslagsfelt Kroatia, Slovenia
Lengd 296 km
Middelvassføring 283 m³/s
Nedslagsfelt 10 032 km²

Kupa (slovensk Kolpa) er ei elv i Kroatia og langs grensa til Slovenia. Ho har sitt utspring i fjellområdet Gorski kotar, nordaust for Rijeka, i Risnjak nasjonalpark. Ho renn nokre kilometer austover, og mottek den litle elva Čabranka frå venstre, før ho når grensa til Slovenia.

Ho held fram vidare austover, og får elva Lahinja frå venstre, passerer Vrbovsko, og renn så bort frå den slovenske grensa. Ho når så fram til byen Karlovac, der ho mottar to elvar frå høgre, Dobra og Korana. Kupa renn vidare austover og renn i hop med Glina frå høgre i tillegg til Odra frå venstre. Ved byen Sisak munnar ho ut i elva Sava.