Kurt Asle Arvesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kurt Asle Arvesen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. februar 1975 (49 år)
Molde kommune
Idrett landevegssykling
Tok del i

Vuelta a España, Tour de France, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, 2002 UCI World Road Rankings, 2003 UCI Road World Rankings, Q53844942, UCI ProTour 2005, UCI ProTour 2006, UCI ProTour 2007, UCI ProTour 2008

Kurt Asle Arvesen (fødd 9. februar 1975) er ein norsk syklist frå Eresfjord i Nesset kommune i Møre og Romsdal. Han sykla profesjonelt frå 1998 til 2011, og arbeider no for det britiske laget Team Sky.

Arvesen har delteke i alle dei store Grand Tour-ritta. I 2003 vann han ein etappe i Giro d'Italia. I 2004 vart han sett på som ein av Tour de Frances mest uheldige ryttarar etter å ha velta og skadd seg på fleire av etappane, men han fullførte likevel. I 2005 var han med i eit brot på 17. etappe, og låg lenge an til å vinne, men vart teke att like før målstreken. I 2006 var han ein av tre nordmenn som deltok i Vuelta a España.

20. mai 2007 tok Arvesen den andre etappesigeren sin i Giro d'Italia, nøyaktig fire år etter den første. Etter å ha vore i brot med ei stor gruppe, slo han regjerande verdsmeister Paolo Bettini i spurten. Arvesen stiller til start for CSC i Tour de France 2007, etter å ha vorte teke ut på laget av sportsdirektør Bjarne Riis 29. juni 2007.[1]

Kurt Asle Arvesen vann 11. etappe i Tour de France 2008.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

VM og NM[endre | endre wikiteksten]

  • U-23-verdsmeister på landevei (1997)
  • Noregsmeister på landeveg (1997, 1998, 2002, 2008, 2009)
  • Noregsmeistertempo (2001, 2006)
  • Nr. 13 under VM i Salzburg i 2006

Andre ritt[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Arvesen klar for Tour de France 2007

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]