Kvåsefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kvåsefjorden er ein 8 km lang fjord som dannar den ytre fylkesgrensa mellom Aust-Agder og Vest-Agder. Han dannar òg delar av grensa mellom kommunane Lillesand og Kristiansand. Fjorden har innløp frå Skagerrak ved Meholmen og går hovudsakleg nordover og inn i landet.

Ytst på austsida ligg Ytre og Indre Ulvøya og Ulvøysund, som vert rekna som det vestlege startpunktet for Blindleia, som er den indre skipsleia langs kysten av Lillesand. Mellom Indre Ulvøya og fastlandet ligg Indresund. Litt lenger nord ligg den kilometer lange bukta Hæstaddybningen.

Ytst på vestsida av Kvåsefjorden ligg Torsøya og her går Stanggapet vidare vestover til Randøysund. Litt lenger nord ligg Kvarnesfjorden, den einaste sidefjorden til Kvåsefjorden med ei lengd på 2,5 km. Han er særs smal på det smalaste, berre om lag 5 meter og vert kryssa av Fylkesveg 3.

Vest for Hæstaddybningen smalnar fjorden inn til om lag 200-250 meter og her ligg Malløya midt i leia. Etter om lag ein kilometer vert fjorden breiare igjen og her i den indre delen av fjorden ligg det tre større holmar, Lamholmen, Saltholmen (den største med ei lengd på 300 meter) og Eidjordsholmen.

Det har vore snakk om å byggje ein kanal frå botn av Kvåsefjorden og gjennom eit 300 meter langt eid til botn av Årneskilen i Isefjærfjorden. Dette vil forlenge Blindleia og skjerme båtfolket frå overfarten over den stundom vêrharde Kvåsefjorden.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kanal-kysten. Fedrelandsvennen (12. desember 2004). Vitja 24. februar 2008.