Kyrkjebok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ei kyrkjebok er ein protokoll presten brukar for å føre inn embetsgjerningar som dåp, introduksjon, konfirmasjon, vigsel og gravferd. Kyrkjebøker kan òg innehalde annan informasjon, sidan dei i periodar har fungert som eit folkeregister.

Kyrkjebøker i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Den eldste bevarte norske kyrkjeboka er frå 1623. Ved Kyrkjeritualet av 1685 og Kristian den femtes norske lov skulle føringa komme inn i regulære former, og frå 1700-talet er det bevart kyrkjebøker frå de fleste prestegjelda i landet.

Føringa av kyrkjebøkene har endra seg noko opp gjennom åra. Dei tidlegaste bøkene er strukturert kronologisk. frå et stykke inn på 1700-talet begynte mange prestar å føre handlingane kvar for seg, men mange stader er dei førte kronologisk heilt fram til tidleg 1800-tal. Frå 1814 er det bruka protokollar med ferdigtrykte sideoppsett, og frå same tidspunktet er det fastsett nøyaktig kva for opplysningar som skal vere med til dei enkelte handlingane. Tidlegare var det mykje meir opp til den einskilde presten kva for opplysningar som vart tekne med. Til dømes var det lenge uvanleg å ta med namnet til mora i tilknyting til ein barnedåp.

I Den norske kyrkja er det to hovudtypar kyrkjebøker:

  • Ministerialbok, som er ført av soknepresten.
  • Klokkarbok, også kalla kyrkjebokduplikat, som er ført av klokkaren eller andre medhjelparar. Denne skal innehalde dei same opplysningane, og vart påboden i 1812. I siste del av 1900-talet vart dette påbodet opphevd.

I kyrkjebøkene er all informasjon yngre enn 60 år klausulert (sperra for innsyn).

Dei fleste norske kyrkjebøkene frå før 1900-talet er mikrofilma og gjort tilgjengeleg gjennom folkebiblioteka, og gjennom Digitalarkivet er dei tilgjengelege over internett. Alle trudomssamfunn som får offentleg støtte i Noreg, er pålagde å føre kyrkjebok eller tilsvarande register. ’

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første kjende kyrkjeboka vart innført i Toledo erkebispedømme av Francisco Kardinal Ximenes de Cisneros i 1497. Årsaka var at kardinalen ønska betre oversyn over dåp og ekteskap i området sitt. Ordninga spreidde seg raskt i Vest-Europa, og i 1563 vart det innført i katolsk kyrkjerett at alle sokn skulle føre kyrkjebøker.

Den 5. september 1538 bestemte Thomas Cromwell at alle sokn i Den engelske kyrkja skulle føre kyrkjebøker. Det tok ein del år før ordninga vart gjennomført overalt i landet, ettersom mange prestar frykta at det dreidde seg om førebuingar for ny skattlegging..

Dateringar[endre | endre wikiteksten]

Spesielt på 1700-talet vart det brukt latinske namn på helgedagar i kyrkjebøkene, nemningar som no for ein stor del har gått ut av bruk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]