Kystjordmaur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kystjordmaur
Arbeidar av kystjordmaur Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforskning
Arbeidar av kystjordmaur
Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforskning
Status
Status i Noreg: VU Sårbar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Årevenger Hymenoptera
Familie: Maur Formicidae
Slekt: Jord- og tremaur Lasius
Art: Kystjordmaur L. meridionalis
Vitskapleg namn
Lasius meridionalis

Kystjordmaur eller gul sandengmaur (Lasius meridionalis) er ein maur i jord- og tremaurslekta. Arten lever i hovudsak av honningdugg frå rotbladlus. Han lever i jorda under tørre sandmarker, oftast i dei indre delane av stabiliserte sandstrender med store populasjonar av sandjordmaur, ein art han snyltar på.

I Noreg er kystjordmaur funnen ulike stader i det ytre av Oslofjorden og dessutan på Jomfruland. Han er raudlista og rekna som sårbar.

Arbeidar av kystjordmaur frå sida
Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforskning

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Kystjordmaur - Lasius meridionalis skriven av Frode Ødegaard, Arnstein Staverløkk og Jan Ove Gjershaug. Artikkelen vart utgjeven av Norsk institutt for naturforskning under lisensen CC BY 4.0.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]