Maur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maur
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Årevenger Hymenoptera
Infraorden: Broddkvefsar Aculeata
Overfamilie: Formicoidea
Familie: Maur Formicidae
Latreille, 1809
Maur i baltisk rav

Maur er hovudsakleg små insekt som utgjer ein familie av årevenger. Dei er i nær slekt med kvefsane, særleg stikkekvefs og Scoliidae. Maur er av nokre rekna med i overfamilien Vespoidea, av andre som ein eigen overfamilie, Formicoidea.

Dei er om lag litt over 1 cm lange. Det finst over 9 000 ulike artar i verda, men berre 53 er funne i Noreg. Dei er sosiale insekt, som lever i kompliserte samfunn. Mange artar byggjer forseggjorte bol (som til dømes maurtuer).

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Hovudet til ein jordmaur i slekta Lasius.

Mauren har eit kuleforma lekamsledd (pedicel), mellom brystet (thorax) og bakkroppen (abdomen), dette leddet er hjå kvefsen samanvakse med brystet.

Hovudet har knebøygde antenner, det vil seie at dei har eit langt ledd fyrst, som er om lag så langt som halve antenna. Etter det kjem fleire små ledd som er runde, eller litt avlange.

Utanom fasettauga har mauren tre punktauge som er plassert i ein trekant på panna.

Munnen er dominert av kraftige kjevar. Med desse kan mauren løfte og bere med seg mat og byggingsmateriale til bolet. Kjevane vert òg brukte til å dele opp større gjenstandar.

Dei fleste maurane i eit samfunn er vengelause, og vert kalla for arbeidarar (sterile hoer). Nokre artar har òg ufruktbare hoer som vert kalla soldatar. Nokre artar har arbeidarar med ulike storleikar, som utfører ulike oppgåver.

Dronningane (dei forplantingsdyktige hoene) og hannane er som oftast å finne utpå seinsommaren, og dei fleste har venger. Hjå nokre artar er det berre eitt av kjønna som har venger. Under sverminga som kjønnsindivida (dei forplantingsdyktige) driv med, kan det vere arbeidarar med venger. Når ein ny stad er vald, bit desse arbeidarane av seg vengene.

Nokre artar har brodd, medan dei som ikkje har det, i staden kan bite hardt og sprøyte «gift» i såret. Gifta vert kalla maursyre og minner om eit stoff som òg finst i enkelte planter.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Maur er eusosiale og har mange likskapstrekk med andre samfunnsdannande artar innanfor årevengene, som stikkvefs, honningbier og humler. Egga vert lagde av éi eller, hjå nokre artar, fleire fræve (avleføre/fruktbare) hoer eller dronningar. Dei fleste utklekte maurane utviklar seg til ufræve, vengelause hoer me kallar arbeidarar. Grunnen til at dei er sterile, er den kjemiske innverknaden dronninga har på samfunnet. Arbeidaren som steller avkommet, forar ikkje larvene nok til at dei vert heilt uvikla og kjønnsmodne. For at dei skal verte kjønnsmodne, må dei forast på ekstra næringsrik mat. Hannar utviklar seg frå ufrødde egg.

Medlemmer av eit samfunn kommuniserer ved hjelp av feromon.

Sverming[endre | endre wikiteksten]

Ei dronning av slekta Formica. Desse kan ein sjå heile sommaren, men særleg i juli-september.

Nokre gonger svermar maur, det vil seie at ei gruppe av maur forlèt bolet (samfunnet) for å etablere seg ein ny stad. Dette skjer til litt ulike tider og på ulike måtar.

Når bolet har nådd ein viss storleik, produserer samfunnet hannar (dronar) og kjønnsmodne hoer (dronningar). Hjå dei norske artane, unnateke gjestemauren, har desse kjønnsindivida venger, og flyg ut på ei kort eller lengre paringsflukt. Hjå enkelte artar svermar òg mengder av arbeidarar. Desse svermane kan telje særs mange individ. Sverminga kan skje plutseleg og til same tid hjå fleire samfunn. På den måten kan gen frå ulike samfunn blandast. Desse kan nokre gonger slå seg saman til gigantiske svermar. Tidspunktet kan vere styrt av mellom anna temperatur, luftfukt og vindstille ver.

Paring[endre | endre wikiteksten]

Hjå artar med eit lite tal individ i maurtua er dronninga ofte vengelaus. Ho sit ute på tua og sender ut feromon. Dette er luktstoff ho utsondrar på bakkroppen. Hannane (dronane) oppsøkjer dronninga for å pare seg på bakken, ved bolet.

Artar som lever i store samfunn, har kjønnsindivid med venger, og desse flyg gjerne langt vekk frå bolet. Her er det hannane som utsondrar feromon, og dronningane som kjem inn i svermen for å verte para. Under paringsflukta grip ofte ein hann tak i ei ho i lufta, og dei landar på bakken der paringa finn stad.

Hannane døyr kort etter paringa. Dronningane overvintrar.

Danning av nye samfunn[endre | endre wikiteksten]

Hjå nokre få artar vil dei frødde (befrukta) dronningane vende tilbake til maurtua dei kom frå, for å leggje egg der. Men dei fleste grunnlegg nye samfunn etter ei overvintring. Berre nokre få av dronningane vil lukkast med å etablere eit nytt bol. Dronningar som flyg, vert ofte bytte for fuglar, augestikkarar og andre. Når dei landar, bit dei av seg vengene, og kryp rundt for å finne ein eigna stad for det nye samfunnet. På bakken er dei utsette for mange farar frå edderkoppar, biller, fuglar og pattedyr.

Klaustral etablering[endre | endre wikiteksten]

Hjå somme artar, mellom anna jordmaur og stokkmaur, dannar dronninga eit nytt samfunn åleine. Det kan by på store påkjenningar. Om hausten finn ho seg ein stad å overvintre, i eit holrom under ein stein eller ei grein. Ho tettar alle opningane og etablerer her eit nytt bol.

Når vårsola byrjar å varme, legg ho opptil 20 egg. Ho må åleine sørgje for dei fyrste larvene og ale opp dei fyrste arbeidarane. Dei får eit næringsrikt «spytt», og ho legg nokre særskilde «egg» som larvene et. Når dei fyrste arbeidarane har nådd sitt vaksne stadium, byrjar dei straks å hjelpe dronninga med bolet. Dei skaffar mat og pleier avkommet.

Dronninga har no ikkje teke til seg føde sidan hausten, og fasta nesten eit heilt år. Med si eiga opplagra næring har ho funne, og byrja på bygginga av eit nytt bol, overvintra, lagt egg og alt opp avkommet.

Hjå stokkmaur og jordmaur kan to dronningar gå saman om å danne eit nytt samfunn. I nokre tilfelle kan faktisk to dronningar av to nærståande artar gå saman. Då kvar koloni hjå desse artane berre har ei dronning, må han delast, som hjå jordmaurane. Stokkmaurdronningar som har hjelpt kvarandre med å etablere bol, slåst til dauden, og den eine sigrar.

Halvklaustral etablering[endre | endre wikiteksten]

Hjå dei fleste artane i slekta Myrmica lagar dronninga ei opning i bolet under etableringa og tek vidare ein tur ut for å finne mat til seg sjølv og avkommet. Mange dronningar vert etne av rovdyr før bolet er etablert med utvaksne arbeidarar. Når mange nok arbeidarar er vaksne opp, sluttar dronninga å flytte på seg, og vert verande i bolet resten av livet. Arbeidarane forar ho opp.

Utvandring[endre | endre wikiteksten]

Nokre artar svermar ikkje, men forlèt moderbolet til fots for å etablere eit nytt bol i nærleiken. Dette er vanleg hjå dei skogmaurane som byggjer tue (Formica sp.). Ofte er det kontakt (ein maursti) mellom bola.

Temporære sosialparasittar[endre | endre wikiteksten]

Nokre maurartar er delvis parasittar og vert kalla temporære sosialparasittar. Dei tek over eit bol som allereie er etablert. Etter paringa leitar dronninga opp ein passande koloni, trengjer seg inn og går til kamp mot dronninga i bolet. Dersom ho går av med sigeren, tek ho over styringa og tek til å leggje egg. Arbeidarane som er der frå før, hjelper ho å ale opp avkommet. Etter kvart vert det fleire og fleire individ av parasittmauren, som til slutt tek over heile bolet.

Bolet[endre | endre wikiteksten]

Mange maurartar byggjer dei typiske bola me kallar maurtuer. Desse har innvendige rom og gangar og kan gå djupt ned i jorda. Nokre artar byggjer bol som heng i tre. Nokre bur i tre eller nede i jorda, under ein stein eller liknande. Såkalla vandremaur har ingen fast bustad, men lever nomadisk som vandrarar. Nokre av artane byggjer mellombels bol.

Bolet til jordmaur er oftast lagt i jorda, ofte under ein større stein, eller ein annan gjenstand. Det vert ofte danna lause tuer av jord over bolet. Det kan skje at jordmaur etablerer bol i ròteskadd treverk innandørs, eller i isolasjonen under til dømes eit baderomsgolv. Maur i bygningsmateriale er eit problem ein bør ta alvorleg. Ofte er det jakta på mat som er årsaka til at maur etablerer seg i hus.

Dronninga er i bolet heile tida, der ho legg egg.

Systematisk inndeling av norske artar[endre | endre wikiteksten]

Maur i underfamilien formicinae
Maur i underfamilien myrmicinae

Dei to mest artsrike underfamiliane i Noreg kan ein skilje på det vesle runde ekstra kroppsleddet (pedicel), som hjå Myrmecinae er todelt og lengre enn det er høgt, medan det hjå Formicinae er enkelt og høgare enn det er langt.

Systematikken fylgjer Bolton, 1995 og Seifert, 1996. Dei norske namna er henta frå den norske namnelista i Fauna 35(2) (sjå kjeldene).

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bolton, B. 1995. A New General catalogue of the Ants of the World. Harvard University Press. 504 sider. ISBN 0-674-61514-X.
  • Fauna 1982: Norske dyrenavn med tilhørende vitenskapelige navn. B: Insekter, edderkoppdyr og myriapoder. Norsk Zoologisk Forenings tidsskrift, Fauna 35(2). s. 1–45.
  • Hågvar, Sigmund. 1998. Norske maurs forunderlige liv. Norsk entomologisk forening. Insekt-Nytt 23 (2) Arkivert 2006-04-28 ved Wayback Machine. s. 5–51.
  • Seifert, B. 1996. Ameisen: beobachten, bestimmen. Augsburg. Naturbuch Verlag. 352 sider.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]