La Graciosa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
La Graciosa
La Graciosa frå Mirador Del Rio
La Graciosa frå Mirador Del Rio
Geografi


Stad Atlanterhavet
Koordinatar 29°15′7″N 13°30′29″WKoordinatar: 29°15′7″N 13°30′29″W
Øygruppe Kanariøyane
Areal 29,05 km² km²
Høgaste punkt Las Agujas (266 moh.)
Administrasjon
Land Spania
Provins Las Palmas
Største busetnad Caleta de Sebo (656 innb.)
Demografi
Folketal 658 (2006)
Folketettleik 21,93 /km²

La Graciosa (spansk for grasiøs) er ei vulkansk øy i Kanariøyane i Spania, 2 km nord for øya Lanzarote med sundet Río mellom dei. Øya er ein del av Parque Natural del Archipiélago Chinijo, eit biosfærereservat, og høyrer til kommunen Teguise. Øya er ein del av Chinijoøyane. Landsbyen på øya ligg i søraust der husaer bygd kring hamna. Hamna har to moloar og eit yachtområde. Dei einaste to busetjingane er Caleta del Sebo og sommarstaden Casas de Pedro Barba. Heile øya består av vulkansk stein og stand.

Øya har opp mot 700 innbyggjarar og turisme er hovudindustrien i lag med fiske. Kvart år flokkar turistane seg på øya på grunn av det tempererte klimaet og dei mange sandstrendene. Øya har ein skule, latinskule, postkontor, supermarknader, ein bank, hamn og strender.

Vegane på La Graciosa består av sand. Motorkøyretøy er ikkje lov, bortsett frå eit par utvalde køyretøy for spesielle årsaker.

Det går båt til øya frå OrzolaLanzarote, ein tur som tar om lag 35 minutt.

Tidlegare har Graciosa vorte plyndra av sjørøvarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya er den austlegaste i øygruppa og den minste busette øya i Kanariøyane. Ho er særs tørr og består hovudsakleg av buskar og tørr jord. Øya er 8 km lang og 4 km brei og dannar eit areal på 29 km². Det finst ingen naturlege vasskjelder på øya, så avsalta vatn har vorte frakta i røyr frå Lanzarote sidan 2001.

Øya har nokre fjell i nord og i vest. I sør og aust er det stort sett berre åsar. Det høgaste punktet er Aguja Grandes på 266 moh, medan Las Agujas Chicas strekkjer seg til 228 m.

180° panoramabilete frå Mirador del Río (Lanzarote)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: La Graciosa