Provinsen Las Palmas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provinsen Las Palmas

Provinsen Las Palmas (spansk Provincia de Las Palmas) er ein provins i Spania og utgjer den austlege delen av den autonome regionen Kanariøyane og inneheld øyane Gran Canaria, Fuerteventura og Lanzarote, samt dei mindre øyane (Alegranza, Graciosa, Montaña Clara, Lobos, Roque del Este og Roque del Oeste). Det samla areal er 4065,78 km².

Provinshovudstaden er Las Palmas de Gran Canaria (som regel berre kalla Las Palmas), på øya Gran Canaria, som òg er regionshovudstad i den autonome regionen. Provinsen har kring ein million innbyggjarar og kring 40 % av desse byr i hovudstaden. Det er 34 kommunar i provinsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 28°20′N 14°20′W