Lanzarote

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lanzarote
Flagget til Lanzarote
Flagget til Lanzarote
Geografi
LZ Canarias.png
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 29°1′30″N 13°39′29″WKoordinatar: 29°1′30″N 13°39′29″W
Øygruppe Kanariøyane
Areal 845,9 km²
Høgaste punkt Peñas del Chache, Famara (671 moh.)
Administrasjon
Land Spania
Provins Las Palmas
Største busetnad Arrecife (55 203 innb.)
Demografi
Folketal 127 457 (2006)
Folketettleik 209 /km²

Lanzarote er ei spansk øy og den austlegaste av Kanariøyane i Atlanterhavet, om lag 125 km frå kysten av Afrika og om lag 1000 km frå Den iberiske halvøya. Ho dekkjer om lag 845,9 km² og er den fjerde største øya i øygruppa. Det første namnet ein kjenner til på øya vart gjeven av Angelino Dulcert og var Insula de Lanzarotus Marocelus, etter den genuesiske sjøfararen Lancelotto Malocello. Det moderne namnet byggjer på dette. Dei innfødde på øya kalla ho Titerro(y)gatra, som kan tyde «dei raude fjella».

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Papagayostranda på Lanzarote

Lanzarote ligg 11 km nordaust for Fuerteventura og 1 km frå Graciosa. Den lange øya har eit areal på 845,9 km², og måler 60 km frå nord til sør og 25 km frå aust til vest. Kystlinja er 213 km, der 10 km er sand, 16,5 km er strender og resten består av klipper. Det dramatiske landskapet består mellom anna av fjellkjedene Famara (671 moh) i nord og Ajaches (608 moh) i sør. Sør for Famara-massivet ligg El Jable-ørkenen som skil Famara og Montañas del Fuego.

Fjellområda på Lanzarote er ein del av Timanfaya nasjonalpark. Det høgaste fjellet er Peñas del Chache på 670 meter over havet. «Atlantistunnelen» er den største undersjøiske vulkanske tunnelen i verda. Øya er ein del av eit biosfærereservat.

Lanzarote er den austlegaste av Kanariøyane og har vulkansk opphav. Ho vart skapt av kraftige utbrot som har skapt dei uvanlege bergformasjonane.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Lanzarote har vulkansk opphav. Øya vart skapt for om lag 35 millionar år sidan. Alfred Wegener kom her i 1912 og studerte øya, og viste korleis øya passa inn i teorien om kontinentaldrift. Kanariøyane vart skapt etter at dei afrikanske og amerikanske kontinentalplatene dreiv frå kvarandre.

Det største utbrotet på Lanzarote i historisk tid skjedde mellom 1730 og 1736.

Hacha Grande, sør på øya, sett frå vegen til Papagayostranda.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Lanzarote er ein del av provinsen Las Palmas og er delt inn i sju kommunar:

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lanzarote vart truleg den første av Kanariøyane som vart busett. Fønikarane slo seg ned her rundt 1100 f.Kr. Dei greske forfattarane og filosofane Herodotus, Platon og Plutarch skildra hagane i Hesperids, eit frodig land i Atlanterhavet.

Den første kjende skriftlege kjelda kom frå Plinius den eldre i verket Naturalis Historia om ein ekspedisjon til Kanariøyane. Lanzarote og Fuerteventura vart då berre nemnde som «dei rosa øyane».

Etter Romarriket fall,vart Kanariøyane forlatne fram til 999 e.Kr. då arabarane kom til øya. Ho vart då mellom anna kalla al-Djezir al-Khalida.

I 1336 kom eit skip frå Lisboa leidd av Lancelotto Malocello. Det vart bygd eit fort i området Montaña de Guanapay nær dagens Teguise.

Jean de Béthencourt kom her i 1402 på ein privat ekspedisjon til Kanariøyane og førte slaveriet ti øya, samt råmateriale. Bethencourt vitja først den sørlege delen av Lanzarote ved Playas de Papagayo. I 1404 kjempa Castilla mot dei lokale guanchane. Øyane Furteventura og El Hierro vart seinare erobra.

I 1585 erobra den osmanske admiralen Murat Reis Lanzarote. På 1600-talet plyndra sjørøvarar øya og tok 1000 innbyggjarar som slavar i Cueva de los Verdes.

Frå 1730 til 1736 (i 2053 dagar) vart øya råka av ei rekkje vulkanutbrot, som skapte 32 nye vulkanar over ein avstand på 18 km. Minsteren i Yaiza Don Andrés Lorenzo Curbelo dokumenterte utbrotet i detalj i 1731. Lava dekkja ein fjerdedel av øya, inkludert den mest frodige jorda og elleve landsbyar. Eit hundre mindre vulkanar låg i området Montañas del Fuego.

I 1768 vart øya råka av kraftig tørke då ho ikkje fekk det vanlege regnet om vinteren. Dei fleste innbyggjarane vart då nøydde til å flytte til Cuba og Amerika. Eit anna vulkanutbrot skjedde nær Tiagua i 1824, men dette var ikkje så stort som det i 1730-åra.

I 1927 vart Lanzarote, samt Fuerteventura, ein del av provinsen Las Palmas.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lanzarote