La Silvia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
La Silvia
RV 734
Opera av Antonio Vivaldi
Sjanger Opera
Periode Barokken
Komponert 1721
Første framføring 28. august 1721
Typisk lengd 72:38

La Silvia (RV 734) er ein dramma pastorale per musica i tre akter av Antonio Vivaldi til ein italiensk libretto av Enrico Bissari. Han vart først framført den 28. august 1721 ved Teatro Regio Ducale i Milano i samband med bursdagsfeiringa til den austerrikske keisarrina Elisabeth Kristine, kona til keisar Karl VI av Austerrike.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1718 hadde Vivaldi vorte nominert til maestro di cappella di camera,[1] ved hoffet til Filipp von Hessen-Darmstadt i Mantova som han komponerte Armida al campo d'Egitto, Teuzzone, Scanderbeg (alle 1718) og så Tito Manlio (1719) og La Candace (1720) for. [2] Då han kom attende til Venezia, etter å ha framført La verità in cimento ved Teatro Sant'Angelo, vart Vivaldi, i lag med Giovanni Porta, Anna Maria Strada og andre eit av hovudmåla til komponisten Benedetto Marcello i den satiriske pamfletten hans Il teatro alla moda (skriven 1718-1719, publisert 1720).[3][4]

Teksten til Bissari vart opphavleg skriven i 1710 som eit skodespel for prinsesse Teresa Kunegunda Sobieska, den andre kona til bayerske kurfyrsten Maximillian II Emmanuel.[5] Operaen vart framført på ny i Milano i 1723 og 1724.[6] 8 av ariane er bevarte i Biblioteca Nazionale di Torino.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Rolle Røyst Premierebesetning [7][8]
Silvia sopran Margarita Gualandi
Elpino sopran Anna Bombacciari
Marte sopran kastrat Giovanni Battista Minelli?
Nerina sopran Anna Maria Strada
Egisto tenor Annibale Pio Fabri
Faustulo bass Giuseppe Montanari

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ein post liknande den tyske Kapellmeister
  2. Cesare Fertonani Antonio Vivaldi: la simbologia musicale nei concerti a programma s.xx
  3. Patrick Barbier La Venecia de Vivaldi: música y fiestas barrocas p167
  4. Matthew Boyden, Nick Kimberley, Joe Staines The rough guide to opera p38
  5. Reinhard Strohm The operas of Antonio Vivaldi Volume 13, Part 1
  6. Jeroen Koolbergen Vivaldi 1678-1741‎ 1995 s. 40
  7. Besetning på italianopera.org
  8. Parsons, Charles H., Opera premieres: an index of casts/performers, Edwin Mellen Press, 1993. ISBN 0-88946-414-6