Maximilian II Emanuel av Bayern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maximilian II Emanuel

Maximilian II Emanuel (portrett av Joseph Vivien)
Kurfyrste of Bayern
Regjeringstid16791726
Fødd11. juli 1662
FødestadMünchen
Død26. februar 1726 (63 år)
DødsstadMünchen
GravstadTheatinerkirche
FøregangarFerdinand Maria
EtterfølgjarKarl Albert
Gift medMaria Antonia av Austerrike
Theresa Kunegunda Sobieska
DynastiHuset Wittelsbach
FarFerdinand Maria av Bayern
MorHenriette Adelaide av Savoie
BornJosef Ferdinand av Asturias
Karl VII av Det tysk-romerske riket
Clemens August
Josef Clemens Kajetan
Johann Theodor

Maximilian II (11. juli 166226. februar 1726) òg kjend som Max Emanuel eller Maximilian Emanuel,[1] var ein Wittelsbach-herskar av Bayern og ein kurfyrste (Kurfürst) i Det tysk-romerske riket. Han var òg den siste guvernøren i Dei spanske Nederlanda og hertug av Luxembourg. Han var ein dugande soldat og ambisjonane hans førte han i konfliktar som avgrensa dei ultimate dynastiske måla hans.

Han var fødd i München med Ferdinand Maria av Bayern og Henriette Adelaide av Savoie (d. 1676) som foreldre. Besteforeldra på morsida var Victor Amadeus I av Savoie og Christine Marie av Frankrike. Christine Marie var den andre dottera til Henrik IV av Frankrike og den andre kona hans Marie de' Medici.

Maximilian Emanuel etterfølgde faren sin i 1679. Han deltok i 1683 i tyrkarane utanfor Wien, utmerkte seg dei følgjande åra ved Gran, Buda, Mohács og Beograd, og vart i 1690 den keisarlege general ved Rhinen og kjempa kvar etterfølgjande sommar heilt til freden i Rijswijk (1697) ved Rhinen, i Italia eller i Dei spanske Nederlanda, der han var guvernør sidan 1691. I 1698 vart sonen hans med Maria Antonia av Austerrike, kurfyrsten Joseph Ferdinand, gjennom testamente innsett som arvtakar av heile det spanske monarkiet, men den unge prinsen døydde den 6 februar 1699, og enda dermed dei strålande utsiktene for familien. I mellomtida hadde Maximilian Emanuel i 1694 gifta seg med dotter til polske kongen Johan III Sobieski, Theresa Kunigunda.

den spanske arvefølgjekrigen braut ut (1701), stod han ved sida av broren sin, kurfyrste Joseph Clement av Köln i Frankrike, i staden for keisaren si side, lokka av lovnader om kongeleg vørdnad, og om mogleg kanskje overta keisarkrona etter Leopold I døydde. I løpet av krigen kommanderte han med store heider, men vart så i 1704 som følgje av den fransk-bayerske nederlaget på ved Höchstadt forvist frå landet sitt, og sidan 1706 saman med broren sin erklært lovlaus av den nye keisaren, Josef I. Først ved freden i Baden (1714) vart dette oppheva, og Maximilian Emanuel returnerte til Bayern i 1715. Han vart etterfølgd av den eldste sonen sin frå det andre ekteskapet sitt, Karl Albert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Spencer, Charles. Blenheim: Battle for Europe. Phoenix (2005). ISBN 0-304-36704-4