Landskappleiken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Landskappleiken er eit noregsmeisterskap i folkemusikk og folkedans, der det vert konkurrert i pardans, hallingdans, vokal, hardingfele, fele, durspel og eldre folkemusikkinstrument, i både junior-, senior- og eliteklasse. I tillegg til konkurransar, vert det også arrangert ulike konsertar, utstillingar og sosial dans på kveldstid og Landskappleiken er såleis eit svært publikumsvennleg arrangement for folk i alle aldrar.

Arrangementet er ambulerande og flyttar kvart år til ein ny arrangementstad. Det er FolkOrg – organisasjonen for folkemusikk og folkedans som eig arrangement, men samarbeider kvart år med ein lokal arrangør, som er eit eller fleire av dei lokale laga i organisasjonen. Arrangementet samlar årleg omlag 1000 aktive folkemusikarar, songarar og dansarar i 5 dagar i slutten av juni. Omlag 3000-5000 tilreisande kjem til Landskappleiken.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landskappleiken er eit arrangement med røter tilbake til 1896, da den fyrste Landskappleiken vart arrangert i Bergen av Vestmannalaget. Frå 1923 har FolkOrg (tidlegare Landslaget for spelemenn) stått ansvarlege for arrangementet.

Frå 1888 og frametter vart det halde ei rekkje mindre kappleikar, som sette standard for utviklinga av kappleikstradisjonen med omsyn til døming og reglement. «Landskappleikar» vart haldne med ujamne mellomrom frå 1896 av, mange av dei arrangerte av Vestmannalaget i Bergen som arrangerte til saman 11 Landskappleikar i perioden 1896-1914. Kappleiken skifte år om anna mellom Bergen og Kristiania. Frå 1918 var stemnet halde årleg.

Nokre gonger i mellomkrigstida vart det halde parallelle landskappleikar på to stader, som i 1923 (Oslo og Bergen), 1931 (Kristiansand og Oslo), 1935 (Bø i Telemark og Kongsberg) og 1946 (Notodden og Oslo). Den fyrste Landskappleiken som vart arrangert i regi av Landslaget for spelemenn (no FolkOrg) var i 1923. Stemnestaden var i Bergen, og vinnaren av kappleiken var Dreng Ose frå Setesdal. Den parallelle kappleiken i Oslo var vunnen av Alfred Maurstad. Første vinnar av klassa for vanleg fele i 1924 var Olav Moløkken.

I 1927, 1938 og 1940 var det ikkje halde landskappleik etter dei opplysningane som finst. Under andre verdskrigen la Landslaget for spelemenn (no FolkOrg) ned drifta, og den neste Landskappleiken vart arrangert i 1946.

Landskappleiken var i utgangspunktet kappspel på hardingfele. Ei eiga klasse for vanleg fele kom i 1924 på Landskappleiken i Molde. Her vart det også konkurrert i ei klasse for andre instrument som langeleik, lur og prillarhorn. Denne klassa vart ikkje vidareført før utpå 1950-talet. Hardingfela var sterkt dominerande på landskappleikane fram til utpå 1950-talet og fyrste gongen Landskappleiken vart arrangert i eit reint feledistrikt sidan Molde i 1924 var i Lom i 1954. Tevling i dans kom med for fyrste gong i 1933.

Det vart gjort mange endringar i konkurranseklassane på 1950-talet. Her kan nemnast eldre folkemusikkinstrument og lagspel fele som vart to nye klassar i 1957 og vokal folkemusikk som kom med i 1958. I 1982 vart klassa for gruppespel på fele etablert og lagdans kom med frå 1988. Sidan 2002 har Open klasse eksistert, og tevling i durspel kom fyrst med i 2005.

I 2009 vart Landskappleiken slått saman med Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Arrangementa har etter dette vorte haldne som separate arrangement.

Landskappleiken har vakse og utvikla seg mykje sidan 1923 og blir i dag rekna som ein av dei viktigaste møteplassane for folkemusikarar og folkedansarar i Noreg.

Dømming og resultat[endre | endre wikiteksten]

Kvar tevlingsgrein blir dømt av tre dommarar. Det er FolkOrg som set saman dommarkollegia. FolkOrg har også utarbeida dommarskjema som skal nyttast i dei ulike klassene. Dommarane kan ikkje dømme soloutøvarar og pardansarar dei er i nær slekt med, og blir da rekna for inhabile. Dommarane har ikkje høve til sjølve å seie seg inhabile av andre grunnar, t.d. venskap, lagstilknyting og liknande. Ingen dommarar er inhabile til å dømme lag eller grupper. Ein dommar kan ikkje sjølv delta i den tevlingsgreina der han/ho er medlem av dommarkollegiet.

Kongepokal[endre | endre wikiteksten]

FolkOrg søkjer Slottet om Kongepokal for Landskappleiken kvart år. Klassa det blir søkt om Kongepokal i rullerer i ei fast rekkjefølgje. Det er finalistane i A-klassa/seniorklassa i den klassa som Slottet har gjeve Kongepokal til, som konkurrerer om Kongepokalen.

Klassar[endre | endre wikiteksten]

På Landskappleiken vert det konkurrert i følgjande klassar:


Soloklasser spel og vokal

Vokal folkemusikk klasse A, B, C og D

Spel fele klasse A, B, C og D

Spel hardingfele klasse A, B, C og D

Durspel junior og senior

Langeleik junior og senior

Munnharpe junior og senior

Fløyter junior og senior

Andre eldre folkemusikkinstrument junior og senior


Soloklasser dans

Halling klasse A, B, C og D

Dans fele klasse A, B, C og D

Dans hardingfele klasse A, B, C og D


Lagkonkurransar i spel og dans

Open klasse

Gruppespel junior og senior (to - fem deltakarar)

Lagspel junior og senior (minimum fem deltakarar)

Lagdans junior og senior (minimum fem dansepar)


Forklaring på klasseinndeling

Klasse C og junior - for deltakarar 12-18 år

Klasse B og senior - for deltakarar over 18 år

Klasse A - for deltakarar som gjennom to landskappleikar i klasse B har dokumentert at dei er kvalifiserte for denne klassa (poengsum 75 eller høgare)

Klasse D - for deltakarar over 65 år

Det finnast ikkje ei klasse for rekruttar på Landskappleiken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]