Quisling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Quisling er opphavleg eit norsk etternamn. Etternamnet kan òg verta stava «Kvisling» eller «Qvisling». Fleire prestar i Telemark fylke hadde etternamnet Qvisling. Men etter den andre verdskrigen vart ordet «quisling» synonymt med «svikar» eller «landssvikar» på mange av dei europeiske språka. Særleg tyder det ein person som samarbeider med ei okkupasjonmakt, gjerne i ei marionetteregjering, altså ei regjering som i røynda er underlagt andre og gjer som dei vil. Difor er dette etternamnet no mest vorte eit skjellsord, og det finst i dag ingen i Noreg som heiter Quisling.

Opphavet til tydinga «svikar» var åtferda til den norske politikaren Vidkun Quisling (1887–1945), som vart landssvikar under den tyske okkupasjonen av Noreg under andre verdskrigen ved å vere leiar av partiet Nasjonal Samling (NS) og av den tyskvenlege marionetteregjeringa som sat i Oslo under krigen.

Avisa The Times gjorde opptak til å nytta Quisling for «svikar» 19. april 1940 med oppfølging av Daily Mail fire dagar seinare. Via British Broadcasting Corporation (BBC) gjekk nemninga ut over verda.

Under okkupasjonen av Noreg frå 1940 til 1945 kunne ordet "quisling" òg verta nytta om folk som var medlem av Nasjonal Samling (NS), eller som på anna vis samarbeidde med okkupasjonsmakta. Ein som var «god nordmann» kunne verta kalla ein «jøssing».

Ein «quisling» kunne på folkemunne òg tyda ein tokronesetel. Det vart sagt at det gjekk to uslingar på ein quisling. Ein usling var då ein einkronesetel.

Teiknaren Ragnvald Blix laga ei ironisk teikning av Quisling på veg inn til Hitler, og har konstruert denne ordvekslinga:

Quisling: Jeg er Quisling!
Adjutanten: Og navnet?

Det norrøne ordet kvísl tyder «grein av elv». Ordet kan òg verta bruka om «stad der to elvar renn saman».