Langenuen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Langenuen sett sørover frå Selbjørnsfjorden. Stord ligg til høgre og Tysnes til venstre
Langenuen i måneskin

Langenuen er eit sund i Hordaland mellom øyane Stord og Huftarøy i Austevoll i vest og Tysnesøy og Reksteren i Tysnes kommune i aust. Sundet er 35 km langt og strekkjer seg frå Husnesfjorden ved innløpet til Hardangerfjorden i sør til Bjørnefjorden i nord.

Mellom Stord og Huftarøy kjem Selbjørnsfjorden inn frå vest.

Det går ferjesamband mellom SandvikvågFitjar heilt nord på Stord til Halhjem i Os kommune, som går langs den nordlege delen av Langenuen. Frå Jektevik på Stord går det ferjesamband over Langenuen til Hodnanes på Tysnes og til Huglo. Det er planar om å ein gong byggje ei bru over Langenuen frå Jektevik på Stord til Hodnanes på Tysnes som ein del av E39 og den framtidige kyststamvegen mellom Stord og Bergen. Prosjektet skal truleg vurderast ved revisjonen av Nasjonal transportplan for 2010-2019.