Lauritz Rygh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lauritz Rygh
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. juli 1874
Død

1950 (75 år)

Yrke avisredaktør, politikar
Politisk parti Venstre

Lauritz Kristian Nilssen Rygh (14. juli 18741950) var ein norsk pressemann og politikar frå Stavanger. Han representerte byane i Vest-Agder og Rogaland og partiet VenstreStortinget frå 1931 til 1945.

Rygh var son til ein skomakarmeister. Etter middelskolen tok han eksamen ved Stavanger tekniske aftenskole. Frå 1889 til 1901 arbeidde i skoverksemda til faren. Han fekk då stilling i redaksjonen til Stavanger Aftenblad. I tida 1921 til 1927 var han redaktør i avisa. Sviktande helse førte til at han trekte seg frå sjefsjobben, men arbeidde i avisa til utgangen av 1940.

Gjennom fire valperiodar, 1916-28, var Rygh medlem i Stavanger bystyre. Ved stortingsvalet hausten 1930 vart han vald til stortingsrepresentant frå valkrinsen beståande av byane Kristiansand, Mandal, Flekkefjord, Stavanger og Haugesund, attvald to gongar. Perioden 1931-33 var han medlem i Finans- og tollkomiteen, deretter 1934-36 i Helsekomiteen, og til sist, 1937-45 i Universitets- og fagskulekomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]