Legacy Family Tree

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Legacy Family Tree
Skapar: Millennia Corporation
Nyaste versjon: 7.5.0.219[1] (15. februar 2013)
Operativsystem: Windows
Type: Slektsgranskingsprogram
Lisens: Proprietær

Legacy Family Tree er eit slektsgranskingsprogram som hittil er utgjeve på engelsk, nynorsk, bokmål, dansk og nederlandsk. Den fullverdige Standardversjonen er freeware, dvs brukaren fritt kan laste ned og bruke programmet utan å betale og utan tidsrestriksjonar. Det finst òg ein Deluxeversjon med fleire funksjonar som ein må betale for å få «låse opp». Hyppige oppdateringar til begge versjonane kan lastast ned. Begge versjonane inneheld omfattande hjelpesider på dei nemnde språka, medan manualen i bokform og instruksjonsvideoane er å få berre på engelsk. Fleire omsetjingar er under arbeid.[2]

Legacy tek vare på, systematiserer og lagar utskrift av dei opplysningane som ein har om slekta. Ein skriv inn informasjon om personar i eit skjema og kan ta med så mange hendingar, kjelder, bilete, notat og video- og lydfiler som ein vil. Det er plass til alternative namn og alternative opplysningar elles. Ein navigerer databasen primært gjennom familie- (tre generasjonar) eller anetavleskjermane. Programmet byr på hjelp i forskingsarbeidet ved å halde greie på lister med oppgåver som ventar og ved lenkjer til eit utval søkjesider på verdsveven.

Legacy kan lage ulike rapportar og tavler, til og med bøker med innhalds- og registersider, og PDF-dokument. Fleire av rapportane kan ha med bilete. Folketeljingsskjema er inkluderte, også norske. Programmet kan lage nettsider. Namnelappar med foto og små tre-generasjons-slektstavler, til bruk ved slektsstemner, kan skrivast ut. Det tidlegare tilleggsprogrammet Legacy Charting, som lagar m.a. store tavler til å ha på veggen, tavler i vifte- eller timeglasformat og DNA-tavler, er no integrert i programmet.

Programmet importerer og eksporterer standard GedCom-filer så vel som filer frå programmet Personal Ancestral File (PAF). Medlemmar av Jesu Kristi kyrkje av siste dagars heilage, «mormonarkyrkja», kan få produsert rapportar til TempleReady.

Legacy Family Tree står for årlege cruise i ulike delar av verda, i juli 2008: London (Dover) > København > Berlin (Warnemuende) > St. Petersburg > Helsingfors > Tallinn > Stockholm > London (Dover). Desse turane inkluderer seminar om slektsgransking og om bruk av Legacy.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]