Leitzaran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leitzaran
Akvedukt over Leitzaran i Ameraun
Akvedukt over Leitzaran i Ameraun
Utspring Leitza
- Høgd 600 moh
Munning Oria
- Høgd 92 moh
Land i nedslagsfelt Flag of Spain.svg Spania
Lengd 42 km
Middelvassføring 2,88 m³/s
Nedslagsfelt 124,02 km²

Leitzaran eller Leizaran er ei elv og ein dal i Baskarland i Spania. Ho er ei av sideelvane til Oria frå høgre.

Leitzaran har kjelde i kommunen Leitza i Navarra og er 42 km lang. Ho renn inn i Guipuscoa ved Urto. Elva drenerer kommunane Areso, Berastegi, Elduain, Villabona, Urnieta og Andoain og har eit nedslagsfelt på 124,02 km², der 69,72 km² av dette høyrer til Guipuscoa.

Valle de Leizaran[endre | endre wikiteksten]

I Gipuzkoa vert nedslagsfeltet hennar kalla Valle de Leizaran (Leitzarandalen) og er stort sett forma av Macizo de Cinco Villas, som hovudsakleg er skifer og kalkstein frå karbontida. Leitzaran er meanderande.

Verna biotop[endre | endre wikiteksten]

Breidda av Leitzaran og sideelvane Ubaran (Ubane) og Malo har vore ein verna biotop sidan 29. september 1995. Det totale arealet 0,74 km². Det finst ingen busetnader i dette området, men likevel mange spor etter menneske frå førhistorisk tid.

Industri[endre | endre wikiteksten]

Utanfor dei verna områda finn ein noko industri, mellom anna masomnar som har nytta seg av elva. I sjølve dalen finst mineral. Tidlegare har det vore vassmøller i drift ved elva og det finst i dag eit par små vasskraftverk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Spania å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.