Karbontida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karbontida
359.2 - 299 millionar år sidan
C
Gjennomsnittleg O2-innhald i perioden ca. 32.5 vol %[1]
(163 % av dagens nivå)
Gjennomsnittleg CO2-innhald i atmosfæren i perioden ca. 800 ppm[2]
(3 gonger førindustrielt nivå)
Middeltemperaturen ved jordoverflata i perioden ca. 14 °C [3]
(0 °C over dagens nivå)
Viktige hendingar i karbon
sjå • diskuter • endre
-360 —
-355 —
-350 —
-345 —
-340 —
-335 —
-330 —
-325 —
-320 —
-315 —
-310 —
-305 —
-300 —
-295 —
K
a
r
b
o
n
Ein omtrentleg tidsskala for karbon
Skala: Millionar år sidan

Karbon eller koltida er ein geologisk periode som strekkjer seg frå slutten av devon for om lag 359,2 ± 2,5 millionar år sidan til byrjinga av permtida for om lag 299,0 ± 0,8 millionar år sidan.

Karbontida var ei tid med isbredanning, lågt havnivå og fjelldanning. Ei mindre utrydding av dyr i havet skjedde om lag midt i perioden.

Karbonsystemet er bergartar som er avsette i karbon.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Karbon vert vanlegvis delt inn i epokane pennsylvaniatida (sein) og mississippitida (tidleg). Aldrane er frå yngst til eldst i lag med nokre av inndelingane deira:

Sein pennsylvania: Gzhelium (nyaste)

  • Noginskium/Virgilium

Sein pennsylvania: Kasimovium

  • Klazminskium
  • Dorogomilovksium/Virgilium
  • Chamovnicheskium/Cantabrium/Missourium
  • Krevyakinskium/Cantabrium/Missourium

Mellomoennsylvani: Moskva

  • Myachkovskium/Bolsovium/Desmoinesium
  • Podolskium/Desmoinesium
  • Kashirskium/Atokan
  • Vereiskium/Bolsovium/Atokan

Tidleg pennsylvania: Bashkirium/Morrowan

  • Melekesskium/Duckmantium
  • Cheremshanskium/Langsettium
  • Yeadonium
  • Marsdenium
  • Kinderscoutium

Sein Mississippi: Serpukhovium

  • Alportium
  • Chokierium/Chesterium/Elvirium
  • Arnsbergium/Elvirium
  • Pendleium

Mellommississippi: Viseum

  • Brigantium/St Genevieve/Gasperium/Chesterium
  • Asbium/Meramecium
  • Holkerium/Salem
  • Arundium/Warsaw/Meramecium
  • Chadium/Keokuk/Osagean/Osage

Tidleg mississippi: Tournaisium (eldste)

  • Ivorium/Osagean/Osage
  • Hastarium/Kinderhookium/Chouteau

Paleogeografi[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av devon fall havnivået kraftig, men det byrja å stige igjen tidleg i karbon. Dette førte til store epikontinentale hav og karbonatavleiringar i mississippitida.[4] Det var òg eit fall i temperaturane på Sørpolen, og den sørlege delen av Gondwana som låg her då, var dekt av is gjennom heile perioden, men det er usikkert om isen som låg her då hadde oppstått i devon eller ikkje.[4] Desse tilhøva hadde tilsynelatande liten effekt på tropane der sumpane blømde berre 30 grader nord for dei nordlegaste isbreane.[4]

Eit fall i havnivået midt i karbon førte til at mange artar i havet døydde ut og særleg sjøliljer og ammonittar vart hardt råka.[4] Dette fallet i havniåvet samt ein diskordans i Nord-Amerika skil mississippitida frå pennsynlvaniatida.[4]

Karbon var ei tid med aktiv orogenesesuperkontinentet Pangaea samla seg. Dei sørlege kontinenta heldt seg samla som superkontinentet Gondwana, som kolliderte med Euramerika langs det som i dag er austkysten av Nord-Amerika. Denne kollisjonen skapte den variskanske orogenesen i Europa og den allegheniske orogenesen i Nord-Amerika.[4]

I same tidsrom forma den eurasiatiske plata seg til Europa langs Uralfjella. Det meste av Pangea, som eksisterte gjennom mesozoikum var no samla, men kontinenta Nord-Kina (som skulle kollidere med resten av kontinentet i sein karbon) og Sør-Kina var framleis skild frå Laurasia. I sein karbon var Pangea forma som ein «O».

Det var to store hav i karbon - Panthalassa og Paleo-Tethys-havet, som var inne i O-en med Pangea rundt. Andre mindre hav krympa og vart til slutt lukka. Rheichavet lukka seg då Sør-Amerika og Nord-Amerika kolliderte, det små, grunne Uralhavet lukka seg då Baltica kolliderte med Siberia og danna Uralfjella, og Proto-Tethys-havet lukka seg då Nord-Kina kolliderte med Siberia og Kasakhstania.

Klima[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga av karbon var det stort sett varmt, medan det vart kjøligare seinare i karbon. Gondwana som flytta seg sørover var dekt av is og isdekket låg til inn i permtida, og sidan det ikkje er noko markant skilje mellom karbon og perm vert denne istida stundom kalla perm-karbon-istida.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Virvellause sjødyr[endre | endre wikiteksten]

I havet er dei viktigaste virvellause sjødyrgruppene foraminiferar, koralldyr, mosdyr, armføtingar, ammonoidar og pigghudingar (særleg sjøliljer).

For første gong vert foraminiferar eit viktig sjødyr. Den store teinforma slekta Fusulina og slektningane var mangfaldige i det som no er Russland, Kina, Japan og Nord-Amerika. Andre viktige slekter var Valvulina, Endothyra, Archaediscus og Saccammina (sistnemnde var vanleg i Storbritannia og Belgia). Nokre slekter frå karbon eksisterer framleis.

Dei mikroskopiske skjela til radiolariar i flint i elva Culm i Devonshire og Cornwall i England og i Russland, Tyskland og nokre andre stader. Svampar er kjende frå spiklar og bestod av forskjellige former som Calcispongea Cotyliscus og Girtycoelia og slekta den uvanlege glassvampen Titusvillia.

Både revbyggjande og isolerte korallar vert mangfaldige og talrike og desse inkluderer både rugosa (som Canina, Corwenia, Neozaphrentis), heterokorallar og tabulata (som Chaetetes, Chladochonus, Michelinia).

Mosdyr var mangfaldige i enkelte område. Armføtingar var òg mangfaldige og av desse finn ein productidar, som Gigantoproductus, som vart særs store (for å vere armføtingar) og hadde tjukke skjel.

Leddmakk som spirorbiar og serpulitar er vanlege fossil i enkelte område. Sniglar er òg talrike. Trilobittar er sjeldnare enn i tidlegare periodar og er berre representert av ei gruppe.

Av pigghudingar er sjøliljer dei mest talrike. Tette teppe med sjøliljer ser ut til å ha trivest i dei grunne hava og restane deira vart forsteina i tjukke berglag.

Fisk[endre | endre wikiteksten]

Det var mykje fisk i karbonhavet, hovudsakleg bruskfisk som hai. Dette inkluderte slekter, som Psammodus, med store tenner for å knuse skjella til armføtingar, krepsdyr og andre sjødyr. Andre haiar hadde sylskarpe tenner, som Symmoriida. Kjøtfinnefiskar var viktige og ei gruppe, rhizodontar, vart veldig store.

Dei fleste fiskeartane i karbon har stort sett vorte skildra ut frå tennene, finneryggraden og småbein. Det var òg mykje ferskvassfisk.

Haiane (særleg stethacanthidar) utvikla seg til mange forskjellige former under karbon.[5] Ein meiner dette kom av panserhaiane som forsvann mot slutten av devon og etterlet ledige nisjar som nye organismar kunne fylle.[5]Som følgje av dette utvikla haiane i karbon seg til ei lang rekke merkelege skapningar, som Stethacanthus som hadde ei flat bruskliknande ryggfinne med ei lita tann på toppen.[5].

Planter[endre | endre wikiteksten]

Måleri som viser nokre av dei viktigaste plantene i karbon.

Landplanter frå tidlegkarbon likna dei ein finn seint i devon, men det oppstod òg nye grupper.

Planter frå tidleg karbon var sneller, Sphenophyllum, kråkeføter, Lepidodendrales, bregner, Filicales, Medullosales og Cordaitales. Desse dominerte gjennom perioden, men i sein karbon dukka fleire andre grupper opp, som konglepalmar, Callistophytales og Voltziales.

Kråkefot-tre av ordenen Lepidodendrales, som var i slekt med (men ikkje forgjengar til) kråkeføter var store tre med stammar som var opp mter høge og 1,5 meter i diameter. Blada til nokre av bregnene frå karbon er nesten identiske med dei ein ser i dag. Truleg var mange av artane epifyttiske. Av sneller var det slekter som Calamites, med ein stammediameter på 30 til 60 cm og ei høgd på opp til 20 meter.

Cordaites var ei høg plante (6 til over 30 meter) med reim-liknande lauv, og var i slekt med konglepalmar og bartre. Desse plantene meiner ein levde i sumpar og mangrover. Verkelege bartre (Walchia i ordenen Voltziales) dukkar opp seinare i karbon og føretrekte høgare og tørrare jord.

Virvellause landdyr[endre | endre wikiteksten]

Meganeura.

Ein kjenner til insekt, tusenbein og edderkoppdyr frå sein karbon, men det er ikkje funne fossil tilbake til tidleg karbon. Mangfaldet når dei dukkar opp viser derimot at desse leddyra var både godt utvikla og talrike. Dei var store, noko som truleg kjem av dei fuktige omgjevandane dei levde i og det høge oksygeninnhaldet i jordatmosfæren (35 % av atmosfæren, mot 21 % i dag). Dette kravde mindre for å puste og leddyra, som ikkje har lunger, kunne vokse seg store. Av innsektgrupper finn ein dei store rovdyra (orden Protodonata, «gribbfloger»), som Meganeura, eit gigantisk augestikkar-liknande insekt med eit vengespenn på om lag 75 cm og det største fykande insektet som nokon gong har eksistert på jorda. Andre grupper er Syntonopterodea (slektningar til dagens døgnfluge), dei talrike og sevjesugande Palaeodictyopteroidea, dei mangfaldige planteetande Protorthoptera og talrike basale Dictyoptera. Mange insekt er funne frå i kolfelt i Saarbruck og Commentry og i hole trestammer av fossile tre i Nova Scotia.

Tetrapodar[endre | endre wikiteksten]

Pederpes, den mest primitive tetrapoden i mississippitida

Amfibiar i karbon var mangfaldige og talrike frå midten av perioden, faktisk meir mangfaldige enn i dag. Enkelt av dei var opp til seks meter lange og dei som var heilt landlege som vaksne hadde skjelskinn.[6] Enkelte av amfibiane i karbon var akvatiske og levde i elvar, medan andre levde på land og i vatn.

Hylonomus.

Ein av dei største nyskapningane i karbon var amniotegg, som gjorde at tetrapodane kunne utnytte landjorda enno meir. Dette inkluderte dei tidlegaste krypdyra (Hylonomus) og dei tidlegaste kjende synapsidane (Archaeothyris). Desse små øgleliknade dyra var opphavet til mange etterkomarar. Amniotegga gjorde at desse stamfedrane til alle seinare fuglar, pattedyr og krypdyr kunne forplante seg på land utan at fosteret tørka ut. Mot slutten av karbon hadde alt amnoitane utvikla seg til mange forskjellige grupper, som Protorothyrididae, Captorhinidae, Araeoscelidia og fleire familiar av pattedyrliknande krypdyr.

Under den siste epoken av karbon, gzhelium, utvikla reptilane seg kraftig på grunn av stadig tørrare klima.[7]

Masseutryddingar[endre | endre wikiteksten]

I midten av karbon var det ei masseutrydding som truleg vart skapt av klimaendringar. Ei mindre masseutrydding fann stad mot slutten av karbon.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg var landmassen slitt ned til eit flatt område mot slutten av karbon, og i det som no er Oslofeltet breidde ei havbukt seg innover. Området her byrja å søkke inn langs forkastingar. Dei første vulkanane her førte til lavastraumar som i dag ligg oppå raud slamstein og sandstein. Dette kan ein til dømes sjå ved Horten, Semsvann og Kolsås.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fil:Sauerstoffgehalt-1000mj.svg
  2. Fil:Phanerozoic Carbon Dioxide.png
  3. Fil:All palaeotemps.png
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Steven M. Stanley, Earth System History. (New York: W.H. Freeman og Company, 1999), 414.
  5. 5,0 5,1 5,2 R. Aidan Martin. A Golden Age of Sharks. Biology of Sharks og Rays. Vitja 2008-06-23.
  6. Stanley, 411-12.
  7. M. Alan Kazlev (1998) The Carboniferous Period of the Paleozoic Era: 299 to 359 million years ago, Palaeos.org, Retrevied on 2008-06-23

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karbontida
Karbontida
Mississippitida Pennsylvaniatida
Nedre/Tidleg Mellom Øvre/Sein Nedre/Tidleg Mellom Øvre/Sein
Tournaisium Viséum Serpukhovium Bashkirium Moskovium Kasimovium | Gzhelium
Paleozoikum
Kambrium Ordovicium Silur Devon Karbon Perm