Lepenats

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lepenats
Utspring Fjella Kodža Balkan i Kosovo
- Høgd 1 820 moh
Munning Vardar ved Skopje i Republikken Makedonia
- Høgd 262 moh
Land i nedslagsfelt Kosovo, Republikken Makedonia
Lengd 75 km
Nedslagsfelt 770 km²

Lepenats (makedonsk: Лепенац, makedonsk Лепенец, albansk Lepenci) er ei elv i Kosovo og Republikken Makedonia med ei lengd på 75 km. Ho er ei av sideelvane til Vardar frå venstre.

Sirinić[endre | endre wikiteksten]

Lepenats spring ut frå Kodža Balkan-fjella aust for byen Prizren i ei høgd på 1 850 meter over havet. Ho renn austover mellom fjellet Žar i nord og nordsida av fjellet Šara i sør. Frå Šara mottar ho fleire småelvar, der Suva reka er den største. Vidare renn ho forbi landsbyane Sevtse og Jažintse, skistaden Brezovitsa og den litle byen og regionsenteret Štrptse.

Lepenats held fram mellom Šara frå sør og fjellet Nerodimka i nord ved landsbyane Donja Bitinja, Gotovuša, Brod og Doganović, der ho snur sørover og ut på sletta Veliko Kosovo.

Veliko Kosovo og Kačanik[endre | endre wikiteksten]

I fleire kilometer renn ho parallelt til elva Nerodimka og gjennom landsbyane Kovačevats og Bob. Ho mottar så elva Nerodimka frå venstre ved byen Kačanik, ved byrjinga av Kačanikravinen.

Ravinen er den smalaste delen av Lepnatsdalen og ligg mellom fjella Šara i vest og Skopska Crna Gora i aust. Ravinen er 23 km lang og er grave ut i kalkstein og skifer. Dei høgare delane av ravinen var ein gong utløpet frå ein innsjø som ikkje eksisterer lenger. Landsbyane Pustenik og Đeneral Janković ligg i ravinen. Etter Đeneral Janković vert Lepenats ei grenseelv mellom Kosovo og Makedonia før ho renn ut av ravinen etter landsbyen Sečište og inn i Makedonia etter 60 km.

Skopjesenkinga[endre | endre wikiteksten]

Dei siste 15 km renn Lepenats gjennom den låge Skopjesenkinga og like etter inn i storbyområdet rundt Skopje. Her mottar ho fleire sideelvar frå Skopska Crna Gora til venstre. Ho renn forbi ruinane av den antikke byen Scupi, men renn elles ikkje forbi nokre busetnader før ho går inn i dei nordlege forstadane til Skopje. Ho munnar ut i Vardar i bydelen Gjorče Petrov i ei høgd på 262 meter over havet.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Lepenats høyrer til Egearhavet sitt nedslagsfelt og har eit eige nedslagsfelt på 770 km² (695 km² i Kosovo, 75 km² i Makedonia). Elva kan ikkje nyttast til elvefart.

Elva har eit potensial for å utnyttast til vasskraftproduksjon, men vert verken nytta til dette formålet eller til kunstig vatning.

Lepenats var ein gong del av ein kunstig bifurkasjon då Nerodimka vart forbunde til både Lepenats og Sitnitsa via ein kanal, slik at nedslagsfelta til Egearhavet og Svartehavet så vart forbunde. Kanalen vart dekt til etter den andre verdskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]