Letizia av Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Letizia av Spania
HRH The Princess of Asturias.jpg
Kronprinsesse av Spania
Fødenamn Letizia Ortiz Rocasolano
Fullt namn Letizia
Titlar Kronprinsesse av Spania
Fødd 15. september 1972, Oviedo i Spania
Ektefelle Felipe av Spania
Born Leonor av Spania
Sofía av Spania

Letizia av Spania (fødd 15. september 1972) er dronning av Spania sidan ektemaken Felipe blei spansk konge 19. juni 2014. Letizia er ein tidlegare spansk journalist som blei spansk kronprinsesse etter å ha gifta seg med kronprins Felipe. Paret har to barn, Leonor og Sofía.

Våpenskjoldet til Letizia
Kronprinsesse Letizia og kronprins Felipe i 2003.

Journalist-karriere[endre | endre wikiteksten]

Letizia tok mastergrad i journalistikk ved Complutense-universitetet i Madrid. Ho har arbeidd for avisene La Nueva España og ABC og nyheitsbyrået EFE. Etter studia arbeidde ho ei tid ved den meksikanske avisa Siglo XXI i Guadalajara. Då ho kom tilbake til Spania blei ho tilsett ved fjernsynskanalen Bloomberg før ho flytta til CNN+ og deretter til statlege TVE. Ho var nyheitsanker og reportar som mellom anna rapporterte frå New York like etter flyåtaket i 2001, frå Galicia etter oljeutsleppet frå tankaren «Prestige», og frå Irak etter invasjonen i 2003.