Oviedo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oviedo
Utsyn over Oviedo
Utsyn over Oviedo
Flagget til Oviedo Byvåpenet til Oviedo
Flagget til Oviedo Byvåpenet til Oviedo
Motto
«Benemérita, invicta, heroica, buena, muy noble, muy leal»
(Heiderleg, ubesigra, heroisk, god, særs gjev, særs lojal)
Plassering
Oviedo is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Asturias
Provins Asturias
Grunnlagd 761
Borgarmeister Gabino de Lorenzo
Geografi
Flatevidd
 - By

186,65 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

221 202
  1 185,1 /km²
Koordinatar 43°21′″N 5°51′″WKoordinatar: 43°21′″N 5°51′″W
Høgd over havet 232 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 33001 - 33013
Nettstad: www.oviedo.es

Oviedo (asturisk Uviéu) er hovudstaden i fyrstedømet Asturias nord i Spania.

Oviedo er det administrative og kommersielle senteret i regionen. Kvart år vert Fyrsten av Asturias-prisen halde her. Oviedo universitet har mange studentar frå heile verda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Santa María del Naranco-hallen (førromansk) frå 842

Det er sagt at to munkar, Máximo og Fromestanus, grunnla byen i 761, men det er funne arkeologiske spor her frå det første hundreåret.

Kong Fruela I av Asturias, den fjerde av dei asturiske monarkane, var den første som tok seg av byen for fullt og bygde både eit palass og ei kyrkje i nærleiken. Ein seinare konge, Alfonso II den kyske (791-842), flytta hovudstaden hit frå Pravia og skapte pilegrimsvegen til Santiago de Compostela, ei stor hending i historia til Oviedo. Han bygde òg ei kyrkje tileigna Frelsaren, San Salvador-katedralen og eit kongepalass.

I denne perioden vart byen eit senter for eit original og unikt arkitektonisk uttrykk, som bygde på tradisjonar frå vestgotiske, romerske og nordiske tradisjonar. Denne stilen nådde eit høgdepunkt under Ramiro I av Asturias. Ramiro I gav økonomisk støtte til mange unike bygningsprosjekt, som framleis pregar Oviedo i dag.

San Salvador-katedralen (grunnlagd i 781) og Statuen La Regenta.

Etter Alfonso III den store døydde, vart hovudstaden flytta til León. Dei neste hundreåra (1100- til 1500-talet) utvikla mellomalderbyen seg og danna grunnlaget for slik ein kjenne rbyen i dag. Det vart bygd bymurar, ein omfattande brann råka byen på juleaftan i 1521 og akveduktene Los Pilares vart bygd for å gje vatn til byen på 1500-talet.

På byrjinga av 1600-talet vart Oviedo universitet oppretta av Fernando de Valdés Salas og dette opna Oviedo for utviding av byen. Adelen i regionen bygde fleire palass i byen på 1700-talet, og på 1800-talet utvikla industrien seg.

Omleiringa av Oviedo i 1936 var ei viktig hending under den spanske borgarkrigen. Garnisonen her støtta statskuppet og stod imot ei tre månader lang omleiring.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Mal:Infoboks vêr

Kjende personar frå Oviedo[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Oviedo

Kjelder[endre | endre wikiteksten]