Lewis Carroll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charles Lutwidge Dodgson

Verkeleg namn Charles Lutwidge Dodgson
Pseudonym Lewis Carroll
Nasjonalitet Britisk
Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, England
Fødd 27. januar 1832
Daresbury
Død

14. januar 1898 (65 år)
Guildford, The Chestnuts

Yrke Forfattar, matematikar, fotograf, geistleg
Språk Engelsk
Periode 1850–1895
Sjanger Barnelitteratur, nonsens, matematikk
Religion Den anglikanske kirke
Far Charles Dodgson
Mor Frances Jane Lutwidge
Signatur
Lewis Carroll på Commons

Charles Lutwidge Dodgson (27. januar 183214. januar 1898), best kjend som Lewis Carroll, var ein britisk forfattar, logikar, matematikar, diakon og amatørfotograf.

Han er best kjend for boka Alice i Eventyrland og for ein litterær stil tufta på nonsenslitteratur. Bøkene og dikta hans er karakteriserte av leik med ord, logikk og av fantastiske innfall.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Charles Lutwidge Dodgson var det tredje barnet og den eldste sonen til pastoren Charles Dodgson og kona Frances Jane, fødd Lutwidge og eit syskenbarn av faren. Totalt kom syskenflokken til å omfatta elleve barn. Både han og dei fleste syskena var plaga av stamming.[1]

Dodgson var fødd i landsbyen Daresbury i Cheshire, men då han var 11 blei faren gjeven prestestillinga i Croft-on-Tees i Yorkshire. Han blei undervist heime til han som tolvåring blei send til Richmond Grammar School i nærleiken, og som tolvåring til kostskulen Rugby. Her var han i tre år før han i 1850 blei student ved Christ Church i Oxford, der også faren hadde gått. Han hadde eit stort matematisk og fekk ofte gode resultat ved eksamenar, men mangla ifølgje seg sjølv evne til å konsentrera seg om studia.[2][3] I 1855 blei han tilsett som matematiklærar ved Christ Church, ei stilling han heldt i 26 år.[4]

I tillegg til fiksjonsbøkene han skreiv under løyndenamnet Lewis Carroll, skreiv også Dodgson bøker om matematikk under sitt eige namn. Som matematikar bidrog han til teorien om besluttningsprosessar, og er rekna som ein av opphavsfolka til dagens studium av sorteringsalgoritmar. Han skreiv også bøker med logiske gåter.[5]

Charles Dodgson døydde og blei gravlagd i Guildford 1898.

Venekrins[endre | endre wikiteksten]

På 1850-talet blei Dodgson kjend med folk knytt til prerafaelittane. I 1857 blei han ven med tenkjaren John Ruskin, og seinare blei han nær ven av målaren og diktaren Dante Gabriel Rossetti og familien hans. Han kjende også forfattaren George MacDonald godt, og det var barna til MacDonald som lite Alice-forteljinga så godt at Dodgson blei overtydd om å prøva å få henne gjeven ut.[6]

Dodgson blei også kjend med Henry Liddell, dekanen ved Christ Church, og familien hans. Eit av barna til Liddell, Alice, inspirerte han til å dikta forteljinga om Alice i Eventyrland.

Litterær produksjon[endre | endre wikiteksten]

Side frå Dodgson si forteljing skriven og illustrert for Alice Liddell.

Charles Lutwidge Dodgson skreiv dikt og noveller frå ung alder av. Han laga eit blad for familien sin, og selde ein del av stykka derfrå til ulike andre blad.

I 1856 gav han ut sitt første verk under løyndenamnet som seinare skulle bli verdskjend - det romantiske diktet «Solitude» i bladet The Train. Namnet «Lewis Carroll» bygde på hans eige namn - Lewis var ei anglisert form av Ludovicus, den latinske forma av Lutwidge, medan Carroll er eit irsk etternamn som liknar på Carolus, den latinske forma av Charles.[7][8] Løyndenamnet blei vald ut av redaktøren Edmund Yates frå ei liste på fire namn send inn av Dodgson. Dei andre var Edgar Cuthwellis, Edgar U.C. Westhill og Louis Carroll.[9]

Dressed in Her Best Outfit. Alice Liddell på eit fotografi teke av Charles Dodgson i 1858, då Alice var seks år gammal.

Alice i Eventyrland blei til 4. juli 1862, under ein båttur på Themsen med Liddell-familien. Han fortalde ei slik historie til Alice Liddell, som ba han om å skriva henne ned. Over to år seinare, i november 1864, hadde han skrive ned og illustrert Alice's Adventures Under Ground for henne.[10] Då hadde han alt vist det uferdige manuskriptet til George MacDonald og barna hans, og blitt opppmuntra til å gje det ut. I 1865 kom forteljinga ut som Alice's Adventures in Wonderland med illustrasjonar av John Tenniel. Boka hadde suksess, og Dodgson fekk både inntekter og mykje merksemd på grunn av boka, sjølv om han blei verande anonym. Seint i 1871 gav han ut ein oppfølgjar, Through the Looking-Glass and What Alice Found There. Boka inneheldt det kjende nonsensdiktet Jabberwocky.

I 1876 gav Dodgson ut sitt neste store verk, nonsensdiktet The Hunting of the Snark om ei gruppe samtidige menn som alle har yrke som byrjar med B, og ein bever som jaktar på ein snark. Diktet er fullt av påfunne ord som til ein viss grad har gått inn i det engelske språket, som bandersnatch, boojum, frumious, galumphing og uffish.

Nær tjue år seinare, i 1895, gav Dodgson ut Sylvie and Bruno, eit verk på to band om to alvesysken med handling frå den verkelege verda og frå alveland. Alveverda er ein satire over engelsk samfunn, særleg den akademiske verda.

Fotografi[endre | endre wikiteksten]

Sjølvportrett av Charles Dodgson frå ca. 1856.

Charles Dodgson oppdaga den nye fotograferingskunsten i 1856, og utvikla snart ei sterk interesse for fotografi. Han var mellom anna påverka av morbroren sin Skeffington Lutwidge og seinare av Reginald Southey, som han kjende frå Oxford.[11] Han blei ein dyktig amatørfotograf og skal ha leikt med tanken om å bli yrkesfotograf.

Dodgson tok over 3000 fotografi, men under 1000 har overlevd. Over halvparten av fotografia til Dodgson omfattar unge jenter,[12] noko som saman med kjennskapa med ungar har ført til seinare spekulasjon rundt seksualiteten hans. Slik fotografering fann likevel stad ope, med ein forelder til stades.[13] Dodgson fotograferte ei rekkje ulike motiv, mellom anna av kjende personar som John Everett Millais, Ellen Terry, Dante Gabriel Rossetti, Julia Margaret Cameron, Michael Faraday, Lord Salisbury og Alfred, Lord Tennyson.[14] Han fann at faget kunne gje han innpass i høgare sosiale sirklar.[15]

Oppfinningar og nyvinningar[endre | endre wikiteksten]

Rekonstruer nyktograf fotografert med ei 5 eurocentmynt.

Dodgson fann opp ein skrivereiskap for å ta notat i mørkret, slik at ein kunne skriva ned idear ein fekk om natta utan å forlata senga og tenna eit lys. Innretninga blei kalla ein nyktograf (nyctograph) og var eit brett med seksten kvadratiske opningar som ein nytta saman med eit symbolsystem Dodgson hadde utforma for å representera alfabetet.[16]

Han laga også ei rekkje ulike spel, mellom anna ei tidleg utgåve av spelet ein i dag kjenner som Scrabble. Han skal ha funne på, eller i det minste popularisert, ein ordleik eller ordstige der ein går frå eit ord til eit anna ved å endra ein bokstav om gongen; til dømes ved å gå frå CAT til DOG gjennom rekkja CAT, COT, DOT, DOG.[14]

Av andre system og mekanismar Dodgson laga kan nemnast ein regel for å finna kva dag i veka ein gjeven dato var, ein metode for å laga beine høgremargar på ein skrivemaskin, ein styremekanisme for ein velociam (ei form for trehjulssykkel), nye system for parlamentærrepresentasjon,[17] meir rettferdige elimieringsreglar for tennisturneringar; ein ny metode for å senda pengar i posten, reglar for å rekna ut port, reglar for å vinna i veddemål, reglar for å dela eit tal på ulike andre tal, ein dobbelsidig teip som kunne brukast til å forsegla konvoluttar eller klistra ting inn i bøker, og ei innretning for sjuke sengeliggjande til å lesa ei bok plassert sidevegs.[14]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • The Principles of Parliamentary Representation, 1884

Skjønnlitterære verk[endre | endre wikiteksten]

Matematiske verk[endre | endre wikiteksten]

  • A Syllabus of Plane Algebraic Geometry, 1860
  • The Fifth Book of Euclid Treated Algebraically, 1858 og 1868
  • An Elementary Treatise on Determinants, With Their Application to Simultaneous Linear Equations and Algebraic Equations
  • Euclid and his Modern Rivals, 1879. Blanda verk med både skjønnlitterært og matematisk innehald.
  • Symbolic Logic Part I
  • Symbolic Logic Part II, posthumt gjeve ut
  • The Alphabet Cipher, 1868
  • The Game of Logic
  • Some Popular Fallacies about Vivisection
  • Curiosa Mathematica I, 1888
  • Curiosa Mathematica II, 1892
  • The Theory of Committees and Elections. Samla, redigert, analysert og gjeve ut av Duncan Black, 1958

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cohen 1996, s. 4.
  2. Cohen 1996, s. 51.
  3. Clark 1979, s. 79.
  4. Cohen 1996, s. 414-416.
  5. Lewis Carroll, NE.se. Hena 2012-03-19.
  6. Leach, Karoline: In the Shadow of the Dreamchild: A New Understanding of Lewis Carroll, Peter Owen Publishers. London 1999. – kap. 2
  7. Cohen 1996, s. 30-35.
  8. Roger Lancelyn Green On-line Encyclopædia Britannica
  9. Thomas 1996, s. 129.
  10. Leach 1999.
  11. Clark 1979, s. 93.
  12. Taylor, Roger; Wakeling, Edward (25 February 2002). Lewis Carroll, Photographer. Princeton University Press. ISBN 978-0-691-07443-6. 
  13. Simon Winchester: The Alice Behind Wonderland, Oxford University Press, 2011. ISBN 978-0-195396195.
  14. 14,0 14,1 14,2 Cohen 1996, s. 100-104.
  15. Thomas 1996, s. 116.
  16. Everson, Michael. (2011) Alice's Adventures in Wonderland: An edition printed in the Nyctographic Square Alphabet devised by Lewis Carroll. Foreword by Alan Tannenbaum, Éire: Cathair na Mart. ISBN 978-1-904808-78-7
  17. Black, Duncan; McLean, Iain; McMillan, Alistair; Monroe, Burt L.; Dodgson, Charles Lutwidge (1996). A Mathematical Approach to Proportional Representation. ISBN 978-0-7923-9620-8. 

Litteraturliste[endre | endre wikiteksten]

  • Clark, Ann (1979), Lewis Carroll: A Biography, London: J. M. Dent, ISBN 0-460-04302-1 
  • Cohen, Morton (1996), Lewis Carroll: A Biography, Vintage Books, s. 30–35, ISBN 978-0-679-74562-4 
  • Collingwood, Stuart Dodgson (1898), The Life and Letters of Lewis Carroll, London: T. Fisher Unwin 
  • Leach, Karoline (1999), In the Shadow of the Dreamchild: A New Understanding of Lewis Carroll, London: Peter Owen 
  • Reed, Langford, The Life of Lewis Carroll (1932. London: W. and G. Foyle)
  • Taylor, Alexander L., Knight, The White Knight (1952. Edinburgh: Oliver and Boyd)
  • Taylor, Roger & Wakeling, Edward, Lewis Carroll, Photographer (2002. Princeton University Press) (ISBN 0691074437). Catalogues nearly every Carroll photograph known to be still in existence.
  • Thomas, Donald (1996), Lewis Carroll / A Biography, Barnes and Noble, Inc, ISBN 978-0-7607-1232-0 
  • Wilson, Robin (2008), Lewis Carroll in Numberland: His Fantastical Mathematical Logical Life, London: Allen Lane, ISBN 978-0-7139-9757-6 
  • Woolf, Jenny, The Mystery of Lewis Carroll. (2010. New York: St Martin's Press.ISBN 9780312612986)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]