Lilian Thuram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lilian Thuram
Lilian Thuram i 2013
Personleg informasjon
Fullt namn Ruddy Lilian Thuram-Ulien
Fødselsdato 1. januar 1972 (52 år)
Fødestad Pointe-à-PitreGuadeloupe
Høgd 185 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1991-1996 Monaco 155 (8)
1996-2001 Parma 163 (1)
2001-2006 Juventus 144 (1)
2006-2008 Barcelona 41 (0)
Totalt 503 (10)
Landslag
1994-2008 Frankrike 142 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Ruddy Lilian Thuram-Ulien (fødd 1. januar 1972) er ein fransk tidlegare fotballspelar, fødd i Pointe-à-Pitre på Guadeloupe, som vart verdsmeister i 1998 og europameister i 2000 med Frankrike. Med sine 142 landskampar er han den spelaren med flest opptredenar i den franske landslagstrøya.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Thuram spelte for Monaco FC frå 1991 til han sommaren 1996 vart overført til Parma FC. I 1999 var han med på å vinne både UEFA-cupen og den italienske cupfinalen.

Etter fem sesongar i Parma gjekk turen vidare til Juventus sommaren 2001. Her fekk han med seg to seriegull, 2002 og 2003, og ein tapt UEFA-cupfinale mot AC Milan i 2003. Thuram avslutta med to sesongar, 2006-08, i FC Barcelona.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Thuram debuterte for Frankrike i 1994. Under VM i fotball 1998 skåra han begge måla då Frankrike snudde semfinalekampen mot Kroatia og vann 2-1, faktisk var desse to måla dei einaste han skåra på landslaget. Både i VM-finalen 1998 og EM-finalen 2000 var Thuram ein viktig offensiv spelar frå sin venstreback-posisjon. Kring 2002-03 vart han flytta inn i midtforsvaret både på klubb- og landslag. Han vann VM-sølv med Frankrike i 2006, der Italia vart for sterke og vann finalen med 2-1. Thuram spelte sin 142. og siste landskamp under EM i fotball 2008.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]