Homborsund fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Homborsund fyrstasjon
Fylke Aust-Agder
Kommune Grimstad
Funksjon Kystfyr
Oppretta 1879
Koordinatar 58°15.1672′N 8°32.0160′EKoordinatar: 58°15.1672′N 8°32.0160′E
Fyrtårn
Høgd 16,9 m
Form Fyrbygning med tårn
Fyrlys
Lyskarakter Isofase med periode på 6 sek.
Lyshøgd 20,1 moh
Lysvidde 22,3 nm
Status
Eigar Staten
Automatisert 1992
Avfolka 1992
Vernestatus Freda etter lov om kulturminne

Homborsund fyrstasjon er eit fyr som ligg på ei lita øy ved innseglinga til Homborsundet utanfor Grimstad i Aust-Agder.

Homborsund fyrstasjon is located in Aust-Agder
Plasseringa til Homborsund fyrstasjon

Fyret har 3. ordens linseapparat og diafonen som tidlegare lagde tåkesignal er framleis intakt. Fyret vart bygd i 1879, samstundes med Lyngør fyrstasjon, og dei to lyktehusa er derfor nesten heilt like. Ved stasjonen er det bygd bustad, uthus, brønn, landingar og eit naust. I tillegg finst det ein molo. I 1992 vart fyret automatisert og avfolka.

Området er freda etter lov om naturvern på grunn av fuglelivet her og sjølve fyret er verna etter lov om kulturminne.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]