Liu Xiaobo
Liu Xiaobo (刘晓波 Liú Xiǎobō) [1] (fødd 28. desember 1955) er ein kinesisk litteraturvitar og regimekritikar fødd i Changchun i Jilin-provinsen i Folkerepublikken Kina. Han blei tildelt Nobels fredspris i 2010 «for hans lange og ikke-voldelige kamp for sentrale menneskerettigheter i Kina».[2]
Innhaldsliste |
Yrkesbakgrunn [endre]
Han tok fil.kand.-graden i litteratur ved Jilinuniversitetet i 1982 og ein magistereksamen i litteratur ved Beijings pedagogiske universitet. Ved same universitetet tok Liu deretter doktorgraden i litteratur i 1988. Han har vore gjesteforskar ved fleire utanlandske institusjonar, mellom anna ved Austasiatisk Institutt ved Universitetet i Oslo (tre månader), University of Hawaii og Columbia University.
Politisk aktivitet [endre]
Liu var lenge kjend som ein frittalande kritikar av Kinas kommunistiske parti og han var aktiv i protestane på Den himmelske freds plass i 1989, noko som førde til fridomstap for to år samt til at han miste stillinga si ved Beijing pedagogiske universitet. På 1990-talet var han politisk aktiv i demokratirørsla, og blei av og til arrestert av politiet for aktivitetane sine.
I desember 2008 underteikna han eit politisk manifest for meir demokrati i Kina, Charta 08, i lag med eit hundretal andre intellektuelle. Kort tid etterpå blei han arrestert. Den 25. desember 2009 blei han dømd til 11 års fengsel,[3] og sit framleis fengsla i Jinzhou-fengselet i Liaoning-provinsen nordaust i Kina.[4]
Nobels fredspris for 2010 [endre]
Liu Xiaobo fekk i 2010 Nobels fredspris.[5] Mellom dei som nominerte han til fredsprisen var Václav Havel, den amerikanske PEN-klubben, ei gruppe amerikanske kongressmedlemer og stortingsrepresentant Jan Tore Sanner.[4]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Liu Xiaobo» frå Wikipedia på bokmål, den 9. oktober 2010.
- Den norske Facebook-sida: "Frigi Lui Xiaobo"
Fotnotar [endre]
- ↑ Namnet hans på kinesisk er 刘晓波 (forenkla teikn), 劉曉波 (tradisjonelle teikn), pinyin Liú Xiǎobō; IPA [ljōẃ ɕjàw b̥óː]
- ↑ «Nobels Fredspris 2010», nobelpeaceprize.org
- ↑ http://www.nytimes.com/aponline/2009/12/24/world/AP-AS-China-Dissident-Sentence.html?_r=1
- ↑ 4,0 4,1 «Liu Xiabos kone: -En stor ære» Aftenposten 8. oktober 2010
- ↑ «Liu Xiaobo får Nobels fredspris», Aftenposten 8.oktober 2010
Bakgrunnsstoff [endre]
- That Holy Word "Revolution", artikkel av Liu Xiaobo (på engelsk).
- Liu Xiaobos skrifter (på kinesisk)
- Dommen mot Liu Xiaobo (engelsk)
- Presentasjon av Liu Xiaobo nobelpeaceprize.org
- Fri Liu Xiaobo Nå