Jan Tore Sanner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sanner på landsmøtet til Høgre i 2010
Foto: Kjetil Ree

Jan Tore Sanner (fødd 6. mai 1965 i Bærum, Akershus) er ein norsk politikar frå Høgre og kommunal- og moderniseringsminister i regjeringa Solberg. Han har vore 1. nestleiar i Høgre sidan 2008, og var 2. nestleiar frå 2004. Sanner har vore valt inn på Stortinget for Akershus fylke sidan 1993, og møtte som vararepresentant for Kaci Kullmann Five frå 1989 til 1990. Sidan 2005 har han vore medlem i Stortingets valkomité og 2. nestleiar i Stortingets finanskomité. Sanner er Høgres talsmann for økonomi og næringsliv. Han var styreformann ved Henie Onstad Kunstsenter frå 2000 til 2002, og har delteke i ei rekkje offentlege utval.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sanner vart født i Bærum i Akershus i 1965, som son av Tore Sanner (fødd 1935) og barnevernskonsulenten Nina Bülow-Nielsen (fødd 1937). Han var varamedlem av Bærum kommunestyre frå 1983 til 1989, og han har examen artium frå 1984, eksamen innan leiing av marknadsføring ved Handelshøyskolen BI frå 1987. Han har også eksamenar innan marknadskommunikasjon grunnfag ved Westerdals reklameskole frå 1989, og marknadsøkonomi ved Norges Markedshøyskole frå 1994.

Sanner er gift med journalisten Solveig Barstad, kjent som programleiar for TV 2 hjelper deg og God morgen, Norge!.

Sanner vart tildelt Dysleksiprisen av Telemark fylkeslag av Dysleksiforbundet i 1997.

Politisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Han var valkampsekretær for Bærum Høgre i forkant av stortingsvalet 1985, og var formann i Bærum Unge Høgre frå 1985 til 1986. Politisk sekretær i Unge Høgre frå 1986 til 1987, og formann i Akershus Unge Høgre frå 1987 til 1988. I 1988 vart han valt til nestleiar i Unge Høgre, og var seinare leiar i to periodar frå 1990 til 1994. Medlem av sentralstyret til Høgre frå 1988 til 1994, og arbeidsutvalet frå 1990 til 1994.

Sanner var 1. vararepresentant til Stortinget frå 1989, og møtte på Stortinget for Kaci Kullmann Five frå 1989 til 1990. Han sat då i Stortingets forbrukar- og administrasjonskomité. I 1993 vart han valt inn på eige mandat, og vart medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen. Frå 1997 til 2001 var han nestleiar i Energi- og miljøkomiteen, og medlem i Den utvida utanrikskomiteen, Finanskomiteen og Valkomiteen frå 2001 til 2005. Sidan 2005 har han vore 2. nestleiar i Finanskomiteen og medlem i Valkomiteen.

Sanner var formann i Bærum Høgre frå 1998 til 2000, og leiar i Akerhus Høgre frå 2001 til 2005. Ved landmøtet til Høgre i 2004 vart han valt til 2. nestleiar av partiet etter Per-Kristian Foss, som samtidig vart valt til 1. nestleiar. Sanner vart valt på nytt i 2006, og vart valt til 1. nestleiar etter Foss i 2008. Sanner har vore nestleiar i gruppestyret til Høgre på Stortinget sidan 2001, og leidde programkomiteen som la fram forslag til programet til Høgre under stortingsvalet for perioden 2005–2009, og var medlem i same komité for perioden 2001–2005.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jan Tore Sanner