Llangorse Lake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Llangorse Lake
Llangorse Lake - Crannog
Crannog
Stad Sør-Wales
Koordinatar 51°55′51.46″N 3°15′45.92″WKoordinatar: 51°55′51.46″N 3°15′45.92″W
Type innsjø eutrofisk innsjø
Tilknytte land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Overflateareal 1,53 km²
Høgd over havet 154 moh

Llangorse Lake (walisisk Llyn Syfaddon eller Llyn Syfaddan) er den største naturlege innsjøen i Sør-Wales og ligg i Brecon Beacons nasjonalpark,[1] nær byen Brecon og landsbyen Llangors.

Innsjøen er kjend for fisk som ikkje høyrer til laksefamilien (sørleg gjedde), vassport og den einaste crannogen i Wales. Llangorse er òg ein av stadane som vert oftast nemnd i walisiske folkeminne.

På grunn av den lange historia til innsjøen har han hatt mange forskjellige namn.

Llangorse Lake er ein eutrofisk bresjø med ein omkrins på kring 8 km og eit areal på 1,53 km². Innsjøen er 1,5 km lang og ligg 154 meter over havet.[2]. Innsjøen ligg mellom nedslagsfelta til River Wye i nord og River Usk i sør. Elva som renn ut av innsjøen heiter Afon Llynfi.

Innsjøen har status som Site of Special Scientific Interest (SSSI) og har eit rikt mangfald på fisk og fugl, noko som vart nemnd alt på 1100-talet av Gerald av Wales (Giraldus Cambrensis).

Crannógen er ei lita kunstig øy, som ligg om lag 40 meter frå nordsida av innsjøen. Han vart bygd av massive stokkar av eik.[3] Han vart utforska av arkeologar frå National Museum of Wales mellom 1989 og 1993. Ein fann mellom anna tekstil av høg kvalitet og ein bronse-tapp frå 700- til 800-talet.[4]

I 1925 fann arkeologar ein neste komplett uthola kano i innsjøen. Karbon-14 datering viste at han kom frå 800-talet.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]
  2. Llangorse lake i Brecon Beacons national park
  3. 3,0 3,1 Keen, Richard and Burgum, Ian. Wales. Orion Publishing Company (1997) s. 134.
  4. «Rescuing Llangors Crannog». Council for British Archaeology (84). September/October 2005.