Brecon Beacons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brecon Beacons
Nasjonalpark
none  Brecon Beacons frå det høgaste punktet Pen y Fan, 886 moh
Brecon Beacons frå det høgaste punktet Pen y Fan, 886 moh
Land Flag of Wales 2.svg Wales
Regionar Blaenau Gwent, Carmarthenstyuihire, Merthyr Tydfil, Powys, Rhondda Cynon Taf, Monmouthshire
Høgaste punkt 886
 - stad Pen y Fan
Areal 1 344 km²
Nettstad: breconbeacons.org

Brecon Beacons (walisisk Bannau Brycheiniog) er ei fjellkjede i Sør-Wales. Strengt tatt er det ei rekkje populære fjelltoppar sør for Brecon, mellom anna det høgaste fjellet i Sør-Wales, Pen y Fan. Store delar av området er ein del av Brecon Beacons nasjonalpark (Parc Cenedlaethol Bannau Brycheiniog).

Fjellkjeda[endre | endre wikiteksten]

Kjeda består av fjella sør for Brecon. Det høgaste er Pen y Fan, som med 886 moh òg er høgaste toppen i Sør-Wales. Andre større toppar er Corn Du (873 moh), Cribyn (795 moh) og Fan y Bîg (719 moh). Toppane dannar ei lang rekkje i hesteskoform rundt staden der elva Taf Fechan spring ut, ein stad kalla Beacons Horseshoe.

Namnleddet beacons tyder «varder», og viser til at det tidlegare var vardar på toppane for å åtvare mot engelske åtak.

Nasjonalparken[endre | endre wikiteksten]

Sgwd yr Eira, ved Afon Hepste nær Ystradfellte.

Nasjonalparken vart oppretta i 1957, som den siste av dei tre i Wales. Han dekker 1344 km², noko som er langt meir enn berre fjella, og strekkjer seg frå Llandeilo i vest til Hay-on-Wye i aust. Han inkluderer òg, med all faren for nmneforvekslinga det inneber, Black Mountains i aust ved grensa til England og Black Mountain i vest. Området vest for fjellkjeda vert kalla Fforest Fawr («Den store skogen») som vart erklært som geopark av UNESCO i 2005. Det meste av området er myrlandskap, med noko plantevekst og beitemarker i dalane.

22. mai 2005 vart den første turstien som går over heile nasjonalparken opna. Han er omkring 160 km lang, og går frå Abergavenny, gjennom Crickhowell og endar i Bethlehem i Carmarthenshire. Ein annan tursti som går gjennom området er Taff Trail, som går frå Brecon til Cardiff. Ved sida av fotturisme er òg sykling, riding, segling, vindsurfing, fisking, fjellklatring og grotteklatring populære aktivitetar i parken.

Området er kjent for fossefalla sine, som inkluderer den 27 meter høge Henrhyd-fossen og falla ved Ystradfellte, og grotter som Ogof Ffynnon Ddu.

Delar av parken vert nytta til militærøvingar. Special Air Service (SAS) er kjent for å ha nokre av dei mest krevjande øvingane sine i Brecon Beacons, blant anna den frykta Fan Dance der ein under opptaksprøvane til SAS må gå opp på toppane på tid med særs tung oppakning.

Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Brecon Beacons

Koordinatar: 51°53′N 3°26′W