Llyn Llywenan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Llyn Llywenan | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | Vest-Anglesey i Wales |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Tilknytte land | |
Llyn Llywenan er ein innsjø vest på Anglesey i Wales om lag 1 km nord for landsbyen Bodedern og 9 km aust for byen Holyhead. Han er 1,1 km lang og 400 meter brei med ei flate på 0,4 km². Innsjøen er den største naturlege innsjøen på øya. Dei større Llyn Alaw og Llyn Cefni er begge menneskeskapte.
Innsjøen har status som Site of Special Scientific Interest og ligg 34 meter over havet.[1] Han vart valt som SSSI på grunn av uvanlege vassplanter som finst her og at han er særs grunn, slik at han dei neste hundreåra kan mudre heilt til.[2]
Det ligg to gravhaugar frå steinalderen like sør for innsjøen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Llyn Llywenan» frå Wikipedia på engelsk, den 23. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: