Loch Eriboll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Loch Eriboll.jpg
Gardshus ved Loch Eriboll.

Loch Eriboll (skotsk-gælisk Euraboil) er ein 16 km lang sea loch eller fjord på nordkysten av Skottland. Han har i mange hundreår vorte nytta som ein trygg ankringsplass under uvêr nær Cape Wrath og Pentland Firth. Han er kalla opp etter landsbyen Eriboll på austsida. Det er gjort funn frå bronsealderen i område, mellom anna i åsane på vestsida.

Ein liten gjødningskalk-industri utvikla seg her på 1800-talet fram til den andre verdskrigen. Portnancon på vestsida av fjorden var staden der mannskapet på HMS «Hood» oppheldt seg før slaget ved Danmarksundet og det finst steinar her som stavar namnet på krigsskipa i åssida over grenda Laid. Den største øya i fjorden, Eilean Choraidh, vart nytta som etterlikning av det tyske slagskipet «Tirpitz» som bombemål av Royal Air Force.[1]

Rundt fjorden ligg dei små landsabyane Eriboll, Heilam, Polla, Portnancon og Rispond

Eilean Hoan ligg nord i fjorden og det ligg fleire små øyar i nærleiken, som A' Ghoil-sgeir, An Cruachan, An Dubh-sgeir, Eilean Clùimhrig og Pocan Smoo.[2] I dag er området stort sett aude landskap og eit av dei tynnast folkesette områda i Storbritannia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Haswell-Smith (2004) s. 203
  2. «Get-a-Map». Ordnance Survey.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]