Look Away av Darude og Sebastian Rejman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Look Away»
Song av Darude med Sebastian Rejman
Land Finland
Språk Engelsk
Utgjeve 22. februar 2019
Sjanger Elektropop
Lengd 03:00
Selskap Armada Music
Komponist Darude
Låtskrivar(ar) Sebastian Rejman, Ville Virtanen

«Look Away» (norsk omsetjing 'sjå vekk') er ein song frå 2019 som vert framført av finske Darude og Sebastian Rejman. Songen vann den finske songtevlinga Uuden Musiikin Kilpailu 2. mars 2019 og var det finske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Songen enda sist i sin semifinale og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen. Dette var Finlands ellevte sisteplass i ein finale eller semifinale, noko som er rekord – saman med Noreg.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Den finske kringkastaren Yla kunngjorde vinteren 2019 at Darude skulle representere Finland i Eurovision Song Contest saman med vokalisten Sebastian Rejman. Darude hadde i 1999 ein stor hit med dancelåten «Sandstorm», og jobbar som låtskrivar og DJ.[1]

I den finske finalen i Åbo laurdag 2. mars stilte duoen opp med tre låtar. «Look Away» vart den klåre vinnaren hos både jury og sjåarane og vart dimed det finske bidraget til Eurovision Song Contest 2019.[2]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I januar 2019 vart Finland trekt ut til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest 2019. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og Finland hadde startnummer 3.[3] «Look Away» enda sist i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 18. mai.[4] Dette var den ellevte gongen Finland enda på sisteplass i Eurovision Song Contest og deler den rekorden med Noreg.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «It's Darude for Finland this year!». 29. januar 2019. Henta 7. mai 2019. 
  2. «Darude will perform 'Look Away' at Eurovision 2019». 2. mars 2019. Henta 7. mai 2019. 
  3. «First Semi-Final of Tel Aviv 2019». EBU. Henta 7. mai 2019. 
  4. «First Semi-Final: 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». 14. mai 2019. Henta 15. mai 2019.