Lotta Svärd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lotta Svärd var ein finsk friviljug paramilitær hjelpeorganisasjon for kvinner. Under den finske borgarkrigen i 1918 kjempa Lotta Svärd på lag med dei kvite styrkane, men vart grunnlagt som ein uavhengig organisasjon etter krigen, den 9. september 1920. Namnet Lotta Svärd kjem frå eit vidgjete dikt henta frå diktsyklusen Fänrik Ståls sägner av Johan Ludvig Runeberg. I diktet går den finske soldaten menig Svärd til krig i Finskekrigen og tek kona si, Lotta, med seg. Menig Svärd fell i kamp, men kona vert verande på slagmarka og steller såra soldatar. Namnet vart brukt om kvinnelege soldatar fyrste gongen i ein tale av Carl Gustaf Mannerheim den 16. mai 1918. Det fyrste kjende laget som nytta namnet Lotta Svärd vart stifta i Riihimäki i Sør-Finland 11. november 1918.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonen spreidde seg på 1920-talet og hadde 60 000 medlemer i 1930. I 1944 inkluderte Lotta Svärd heile 242 000 friviljuge, og var med det den største friviljuge hjelpeorganisasjonen i verda. Til samanlikning talte folketalet i Finland mindre enn 4 millionar på den tida. Under andre verdskrigen kunne om lag 100 000 menn bli frigjorte frå militærteneste fordi oppgåvene deira hadde vorte tekne over av "lotter". Lottene arbeidde på sjukehus, på alarmpostar for flyraid, eller med andre hjelpeoppgåver i samarbeid med væpna styrkar. Offisielt var lottene ubevæpna. Det einaste kjende unntaket er eit friviljug luftvernsbatteri i Helsinki sommaren 1944 som bestod av medlemer av Lotta Svärd. Batteriet styrte søkeljos, og vart gjevne rifler til sjølvforsvar.

Oppløysing[endre | endre wikiteksten]

den finske framhaldskrigen tok slutt, kravde Sovjetunionen at alle organisasjonar dei såg på som paramilitære, fascistiske eller dels fascistiske skulle bannlysast. Organisasjonen Lotta Svärd vart dermed oppløyst den 23. november 1944. Seinare vart det starta opp ein ny organisasjon ved namn Suomen Naisten Huoltosäätiö (Støttelaget av finske kvinner). Denne tok over mykje av den gamle eigedommen til Lotta Svärd. Dette nye laget finst enno under namnet Lotta Svärd Säätiö (Lotta Svärd-stiftelsen).

Ringverknader[endre | endre wikiteksten]

Den finske Lotta Svärd-organisasjonen har medverka at det har vorte stifta liknande lag i andre land. I Sverige finst organisasjonen Lottorna, i Danmark har same modellen vorte brukt, og i Noreg eksisterer framleis Norges Lotteforbund.

I 2005 kom den finske spelefilmen Lupaus (lovnaden) ut. Filmen skildrar prøvingane og vanskane dei finske lottene opplevde under andre verdskrigen.

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]