Louis Blériot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Louis Blériot

Louis Blériot (18721936) var ein fransk flygar og flyinstruktør. I 1909 vart han den første som flaug over Den engelske kanal. Det første flyet hans, Canard, vart bygd i 1907. Blériot utvikla styreorgana om lag slik som dei er i dag, med stikke for høgderor, og balanseror og pedalar for sideror. 25. juli 1909 vart han vidkjend for å ha gjennomført den første flyginga over den engelske kanal (frå Baraques til Dover). Blériot er tuftaren av flyfabrikken Blériot Aéronautique, som var ein av dei største som fanst i Frankrike i mellomkrigstida. Det var denne flyfabrikken som bygde flyet som Tryggve Gran tok i bruk under Nordsjøflyginga si i juli 1914.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. Bind. 2. Ben-Ch. Oslo: Kunnskapsforlaget. 1978-1984. ISBN 82-573-0013-6
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.