Louis de Crevant de Humières
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Louis de Crévant, Duc d'Humières (1628–30. august 1694) var marskalk av Frankrike og guvernør i Compiègne, Bourbonnais og Lille.
Han var til stades i slaget ved Dunes og deltok i den fransk-nederlandske krigen under Turenne. Han vart marskalk av Frankrike i 1668. I slaget ved Kassel assisterte han og marskalk Luxembourg hertug Filip I av Orléans til siger.
I 1688 invaderte han Dei spanske Nederlanda men klarte ikkje å vinne slaget ved Walcourt året etter mot ein mindre styrke.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Louis de Crevant, Duke of Humières» frå Wikipedia på engelsk, den 25. januar 2012.