Slaget ved Walcourt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Walcourt
Del av niårskrigen
Dato 25. august 1689<
Stad Walcourt i Dei spanske Nederlanda
(i dagens Belgia)
Resultat Alliert siger
Partar
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike[1] Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Flag of England.svg England
Flag of Scotland.svg Skottland
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Det tysk-romerske riket
Flag of Cross of Burgundy.svg Spania
Kommandantar
Flagget til Frankrike Duc de Humières Flagget til Den nederlandske republikken Prinsen av Waldeck
Flagget til England John Churchill, hertugen av Marlborough
Styrkar
24 000[2] 35 000
Tap
~600–2000 drepne eller skadde ~100–300 drepne eller skadde[3]

Slaget ved Walcourt vart utkjempa 25. august 1689 under niårskrigen. Slaget fann stad nær den gamle byen Walcourt nær Charleroi i Dei spanske Nederlanda og enda ein sommar utan store hendingar med marsjering, manøvrering og furasjering. Slaget vart ein suksess for Storalliansen – den eineaste nemneverdinge hendinga på denne krigsskodeplassen under felttoget i 1689.

Den allierte armeen vart kommandert av prinsen av Waldeck og den franske armeen av duc de Humières. Franskmennene tapte 2 000 mann under slaget medan dei allierte tapte mindre enn 300. Den allierte sigeren vart ei gledeleg opning av krigen for kong Vilhelm III og alliansen, men for Humières tydde det slutten og han vart erstatta året etter av duc de Luxembourg.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I september 1688 invaderte styrkane til kong Ludvig XIV Rhinland og kringsette den tyske byen Philippsburg. Ludvig hadde håpa å tvinge dei mektige tyske fyrstane og den tysk-romerske keisaren Leopold I til å omgjere våpenkvilen i Ratisbon frå 1684 til ein permanent fredsavtale og dermed stadfeste alle områda Ludvig hadde fått under gjenforeiningskrigen.[4] Andre tyske byar fall raskt, inkludert Oppenheim, Kaiserslautern, Heidelberg og den viktige festninga i Mainz, men i staden for å bukke under, samla dei tyske fyrstane seg mot styrkane til Ludvig. Det som skulle vere eit felttog på berre nokre månader utvikla seg til niårskrigen.

Ved å flytte inn i Rhinland, skremde Ludvig Dei sameinte Nederlanda som frykta eit mogeleg åtak mot seg, og prins Vilhelm av Oranien invaderte England i november. Suksessen til Vilhelm i den påfølgjande ærerike revolusjonen førte til at han tok over den engelske trona i februar 1689 (og regjerte i lag med kona Maria). Dette gjorde at han kunne nytte heile handelsmakta og den militære makta til England i krigen mot Frankrike, og raskt danne koalisjonen han lenge hadde ønska seg. Den 12. mai 1689 signerte nederlendaren og keisar Leopold I Storalliansen, der målet ikkje var noko mindre enn å tvinge Frankrike tilbake til grensene slik dei var mot slutten av trettiårskrigen og den fransk-spanske krigen, og dermed ta frå Ludvig alle områda han hadde teke med han regjerte.[5]

Dei spanske Nederlanda vart seinare hovudkrigsskodeplassen, men i dei tidlege fasane av krigen i 1698 vart området berre rekna som sekundært. Dette kom av at hovudpartane i krigen var opptekne andre stader. Kong Vilhelm var oppteken med politiske saker i England og eit jakobinsk opprør i Skottland, medan kong Ludvig var oppteken langs Rhinen, der dei mektige tyske fyrstane førebudde seg på å presse den franske armeen over til andre sida av Rhinen, og dermed ta tilbake dei tidlegare tapte landområda.[5]

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Dei spanske Nederlanda. Walcourt ligg sør for Charleroi nær elva Sambre.

Den 14. mai 1689 samla Humières armeen sin for det nye felttoget i Dei spanske Nederlanda nær Boussières ved elva Sambre, der han hadde 24 bataljonar og 75 skvadronar, totalt 24 000 mann.[6] Vilhelm gav kommandoen på hans 35 000 soldatar til den 69 år gamle prinsen av Waldeck. Den engelske kontingenten på 8 000 mann vart kommandert av Jarlen av Marlborough, men Vilhelm var skeptisk til kvaliteten til dei engelske soldatane. Samanlikna med dei nederlandske soldatane på denne tida mangla engelskmennene organisering, feltadministarsjon og eit kommissariat.[7] Waldeck såg med interesse på Marlborough som prøvde å bringe orden og organisering i kommandoen sin og skreiv seinare at han håpte at engelskmennene var «… like disiplinerte som dei var modige» – sjølv om Waldeck i september framleis klaga over deira «… temperament, nonchalanse, usle klede og dårlege sko.»[7]

Administrative problem og at kontingentane nådde seint fram gjorde at dei allierte ikkje kunne starte offensiven i regionen før seint i juni. Waldeck flytta frå nær Tienen og la i veg mot Fleurus. Dei neste to månadane brukte armeane på å marsjere og motmarsjere i eit forsøk på å få eit strategisk overtak.[7] 24. august hadde Waldeck kryssa Sambre og slått leir nær den gamle byen Walcourt der han var nøgd med å halde seg på fiendtleg territorium.[8]

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Den 25. august var dei allierte på jakt etter forsyningar, i lag med 600 engelske soldatar under oberst Hodges i den omliggande landsbygda. Humières kom over furasjeringa og ein alliert utost kring 3 km sør for Walcourt. Soldatane vart kalla attende og den allierte leiren gjorde seg klar til kamp.

I nesten to timar klarte regimentet til Hodges å hindre franskmennene i å danne ein fortropp, og dekte tilbaketrekkinga til før dei sjølv trekte seg attende til ein nærliggande mølle. Kl. 11:00 hadde Marlborough fått samanstøyten i sikte. Han såg at Hodges vart angripen av fleire franske batteri og den engelske kommandanten gav ordre om å trekkje seg attende til ein ås aust for Walcourt, og bak denne vart den allierte hovudstyrken sett opp.[9] Waldeck skreiv seinare til Vilhelm – «[Hodges] og engelskmennene som er med han har utretta mirakel, og eg hadde aldri trudd at så mange av engelskmennene ville vise slikt joie de combattre[9]

Slaget ved Walcourt.

Trass i at soldatane hans ikkje klarte å ta den vesle styrken til Hodges, valte Humières å gå til åtak mot Walcourt. Slagmarka var ikkje gunstig for franskmennene, og sjølv om forsvarsverka i byen var gamle, stod han på ein ås som var delvis omringa av ei elv.[10] Likevel vart det utført fleire åtak, men franskmennene leid store tap frå kanonane til dei allierte på flankane. Trass i tapa pressa Humières på og sende ei avdeling av Gardes Françaises for å prøve å setje portane til Walcourt i brann. Forsøket mislukkast og då brigadegeneral Thomas Tollemache førte inn ein tysk bataljon i byen kring 14:00 var garnisonen redda.[9]

Humières følte seg tvungen til å utvide slaget og sendte no mennene sine i eit improvisert åtak mot høgreflanken til den allierte hovudlinja bak byen.[10] Kring kl. 18:00 sendte Waldeck eit dobbelt motåtak mot dei slitne franskmennene, nederlendarane til general Slangenburg til venstre og Marlborough i midten og til høgre. Franskmennene vakle attende i stor uorden, men det franske kavaleriet, kommandert av oberst Villars, hindra ei nedslakting under tilbaketrekkinga, slik at Humières kunne trekkje mennene sine bort frå slagmarka.[9]

Humières hadde vorte audmjuka, men på grunn av administrative problem, klarte ikkje Waldeck å følgje opp denne suksessen.[9] Dei neste dagane låg dei to armeane andlet mot andlet, og bombarderte kvarandre frå tid til annan, men slaget vart ikkje halde fram. Humières drog attende til regionen kring festningane ved Schelde og Waldeck drog til Brussel.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Slaget (det einaste merkverdige i heile felttoget det året) var blodig, og det hadde på ein mannsalder ikkje vore eit like alvorleg møte mellom engelskmennene og franskmennene. Franskmennene tapte mellom 600 og 2 000 mann, i tillegg til seks kanonar. Dei allierte tapte mellom 100–300 mann.

Sigeren ved Walcourt gav dei allierte god sjølvtillit, medan Humières vart ført i unåde.[9] Før Humières gjekk inn i vinterkvarter, sende han fire bataljonar inn i Rhinalnd, der Ludvig i 1689 hadde møtt den største utfordringa si, i kraftig undertal.[11] I 1690 flytta hovudfokuset seg i krigen attende til Flandern. Dette året hadde derimot duc de Luxembourg teke over kommandoen for franskmennene og 1. juli vann han slaget ved Fleurus, som vert rekna som eit taktisk meisterverk.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1911 Encyclopædia Britannica, 11th Edition, New York 1910, Vol.X, p.460: "The oriflamme and the Chape de St Martin were succeeded at the end of the 16th century, when Henry III., the last of the Huset Valois, came to the throne, by the white standard powdered with fleurs-de-lis. This in turn gave place to the famous tricolour."George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, s. 250, "...the standard of France was white, sprinkled with golden fleur de lis...". *[1] The original Banner av Frankrike was strewn with fleurs-de-lis. *[2]:on the reverse of this plate it says: "Le pavillon royal était véritablement le drapeau national au dix-huitième siecle...Vue du chateau d'arrière d'un vaisseau de guerre de haut rang portant le pavillon royal (blanc, avec les armes de France)."
  2. Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 30. All statistics taken from Chandler.
  3. Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 32. Chandler states less than 100; Churchill states 300.
  4. Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 191
  5. 5,0 5,1 Wolf: The Emergence of the Great Powers: 1685–1715. s. 43
  6. Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 200
  7. 7,0 7,1 7,2 Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 30
  8. Churchill: Marlborough: His Life and Times, s. 279
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 32
  10. 10,0 10,1 Churchill: Marlborough: His Life and Times, s. 280
  11. Lynn: The Wars of Louis XIV 1667–1714, s. 200
  12. Lynn: The French Wars 1667–1714, s. 51