Loweswater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Loweswater
Loweswater - Frå nordaustsida av innsjøen mot Holme Wood
Frå nordaustsida av innsjøen mot Holme Wood
Stad Lake District i Cumbria
Koordinatar 54°34′N 3°20′WKoordinatar: 54°34′N 3°20′W
Tilknytte land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Største lengde 1,8 km[1]
Største breidde 550 m[1]
Overflateareal 0,6 km²[1]
Middeldjupne 8,4 m[1]
Største djupne 16 m[1]
Vassvolum 5.4 x 106[1]
Hydraulisk opphaldstid 150 dagar[1]

Loweswater er ein liten innsjø i Lake District i England. Landsbyen Loweswater ligg ved breidda av innsjøen.

Innsøjen ligg ikkje langt frå Cockermouth og er lett å nå frå Vest-Cumbria. Fjellgruppa sør for Loweswater vert kalla Loweswater Fells og består av Mellbreak, Gavel Fell, Blake Fell, Hen Comb og Burnbank Fell. Nord for innsjøen ligg Fellbarrow-fjella.

Innsjøen er uvanleg fordi tilsigsområdet strekkjer seg mot senteret av Lake District. Utsiget, Dub Beck, vert Park Beck og renn aust eller søraustover ut frå nordenden av Crummock Water. Via Cocker og Derwent renn vatnet frå Loweswater til slutt ut i sjøen ved Workington.

Området kring Loweswater består av rullande åsar i motsetnad til dei meir steinete fjella andre stader i Lake District.

Loweswater er eigd av National Trust. Ein kan leige robåtar ved innsjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 McNamara, Jane, Table of lake facts, Environment Agency of England og Wales, http://www.environment-agency.gov.uk/commondata/103196/1118608