Tautra kloster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ruinen av det gamle klosteret, inngangen frå vest. Fotografi: A F Borchert

Tautra kloster, eller på latin Monasterium sanctæ Mariæ de Tuta insula i gamal tid, er ruinane av eit kloster på øya Tautra i Trondheimsfjorden. Tautra er ein del av Frosta kommune.

Klosteret var eit cistercienserkloster som vart innvigd den 25. mars 1207 av cisterciensermunkar frå Lyse kloster sør for Bergen. Det slutta å vera eit sjølvstendig klostersamfunn i 1532. Klosteret vart kongen sin eigedom i samband med reformasjonen i 1537.

Tautra kloster vart velståande, og fleire av abbedane hadde høg status. To av dei vart vald til erkebiskopar av Nidaros, men for kort tid. I fylgje Frosta i gammel og ny tid vart abbed Sigurd vald til erkebiskop etter at erkebiskop Gutorm døydde i 1224. Sigurd var uvens med kongen, og mista tittelen etter ei kort tid. Seinare, då erkebiskop Einar døydde hausten 1253, vart abbed Birger av Tautra vald til etterfylgjar. Heller ikkje han fekk kongen si velsigning, og Birger fekk aldri embetet sitt stadfesta.

I 1531 pantsette abbeden Mathias Henrikssøn (han hadde eit dårleg rykte på seg og vart seinare kalla «Gale Mathias») fire gardar til Niels Lykke, svigerson til Austrått. Etter dette vart Tautra kloster ei brikke i maktspelet mellom erkebiskop Olav Engelbrektsson og medlem av riksrådet Niels Lykke. I 1532 lét Lykke seg velja til forstandar for klosteret.

Etter ei rettssak mot Lykke i 1535 vart alt han eigde – inkludert klosteret på Tautra – tildømt erkebiskopen på vegne av den norske krona. Då Olav Engelbrektson sjølv måtte reisa frå landet i 1537, vart klosteret lagd inn under krona.

Ein veit lite om sjølve byggverket til klosteret, men i fylgje islandske nedteikningar brann bygningane i 1251. I dag er ruinane teke høvesvis godt vare på, og er eit mål for turistar frå heile verda.

Det er i dag lett tilgang til klosterruinane, med guiding, nye kulturstiar og servering på staden.

Tautra Mariakloster[endre | endre wikiteksten]

Sjå eigen artikkel Tautra Mariakloster

Ikkje langt frå dei gamle ruinane ligg i dag eit nytt cistercienserkloster. Det vart grunnlagt i provisoriske bygningar i 1999. Grunnsteinen til eit nytt kloster vart så lagt ned av dronning Sonja den 8. mai 2003, og det nye klosteret vart teke i bruk i juli 2006.

Den 25. mars 2006 vart Mariaklosteret gjeve status som sjølvstendig priorat innan den katolske kyrkja.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tautra kloster