Måna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For elva i Rauma kommune, sjå Måna i Rauma.
Ved Dale, aust for Rjukan
Måna renn gjennom Vestfjorddalen, frå Møsvatnet til Tinnsjå.

Måna (Måne) er ei elv i Tinn kommune i Telemark. Ho har utspringet sitt i Møsvatnet, og renn gjennom Vestfjorddalen og Rjukan, før ho munnar ut i Vestfjorden i Tinnsjå. Systemet er ein del av Skiensvassdraget.

Måna er sterkt utnytta for kraftproduksjon, med Vemork og Såheim som dei største kraftverka. Elva danna før reguleringa den vidkjende Rjukanfossen, som i dag berre «vert slept» ein gong i året.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.