Maori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Māori)
Gå til: navigering, søk
Maori
(te reo Māori)
Klassifisering: Austronesisk
 Malayopolynesisk
  Sentralt austleg
   Austleg malayopolynesisk
    Oseanisk
     Sentralt austleg
      Fjerntliggande
       Polynesisk
        Kjernepolynesisk
         Austpolynesisk
Bruk
Tala i: New Zealand
Maoritalande i alt: 157 000[1]
Språkkodar
ISO 639-1: mi
ISO 639-3: mri
Wikipedia på maori

Maori er eit polynesisk språk snakka av maoriarNew Zealand, der det er eitt av tre offisielle språk. Maori er i nær slekt med tahitisk og rarotongansk, noko fjernare med hawaiisk og markesisk, og er endå fjernare i slekt med vestpolynesiske språk, som samoansk, tongansk og niuisk.

Ved folketeljinga i New Zealand i 2005 var det 157 110 som oppgav at dei kunne ha ein kvardagsleg samtale på maori.[1]

Status[endre | endre wikiteksten]

Maori er offisielt språk på New Zealand saman med engelsk og newzealandsk teinspråk.[2] Det fekk offisiell status i 1987 med Maori Language Act 1987. Dei fleste offentlege departement og etatar på New Zealand har tospråklege namn, og New Zealand Post bruker både engelske og maoriske stadnamn i adressar. Maoritalande har rett til å kommunisera med offentlege etatar på maori, men i praksis krev dette som regel bruk av tolk.

I ei kjenning i Det kongelege rådet i Storbritannia frå 1994 blei regjeringa på New Zealand halden ansvarleg for å verna språket etter Waitangitraktaten frå 1840.[3] Sidan mars 2004 har regjeringa derfor finansiert Māori Television som delvis sender på maori. 28. mars 2008 opna Māori Television sin andre kanal, Te Reo, som berre sender på maori, utan undertekstar eller reklame. I 2008 gav Land Information New Zealand ut den første lista over offisielle newzealandske stadnamn med makronar som viser lang vokal.[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediamaori


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljinga på New Zealand i 2006
  2. NZ Sign Language to be third official language (engelsk).
  3. New Zealand Maori Council v Attorney-General [1994] 1 NZLR 513
  4. New Zealand Gazetteer of Official Geographic Names (engelsk).