MS «Nordlys» (1994)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
MS «Nordlys»
Hurtigruten MS Nordlys Svolvær.jpg
Karriere i Noreg
Namn: MS «Nordlys»
Type: Hurtigruteskip
Systerskip: MS «Kong Harald»
MS «Richard With»
Sjøsett: 13. august 1993
Døypt: 22. mars 1994
Jomfrutur: 4. april 1994
Status: Ute av drift
Generelle eigenskapar
Lengd: 121,8 m
Dekkbreidde: 19,2 m
Djupgang: 4,7 m
Fart: 18 knop
Passasjerar: 691
Bilar: 45
Køyer: 482

MS «Nordlys» er et skip i Hurtigruten ASA, og siglar hurtigruta langs norskekysten. Skipet vart bygd på Volkswerft GmbH i Stralsund i Tyskland i 1994, er 121,8 meter langt og 19,2 meter breitt og har ein marsjfart på 18 knop. Skipet har 226 passasjerlugarer, inklusive seks såkalla suiter.

MS «Nordlys» er systerskip til hurtigruteskipa MS «Kong Harald» og MS «Richard With», og erstatta MS «Nordstjernen», som byrja å gå i turisttrafikk til Svalbard.

Ulukke[endre | endre wikiteksten]

Torsdag 15. september 2011 byrja skipet å brenne ca. 10 nautiske mil frå Ålesund. Brannen starta i maskinrommet og vart snøgt svært stor med veldig røykutvikling. Kjølevassinntaka i maskinrommet vart ståande opne og båten byrja ta inn vatn. Skipet mista motorkrafta og ei redningsskøyte taua skipet til kai i Ålesund, og brannen kunne sløkkast av brannvesenet i byen. Den enorme røykutviklinga gjorde det uråd for mannskapet å gå over og sjekke alle kahyttane slik rømingsplanane seier dei skal. At ulukka skjedde ved frukosttid og like før båten var inne ved kai i Ålesund gjorde at dei fleste passasjerane var på høgare dekk, noko som letta berginga av passasjerane. Alle passasjerane vart berga trygt i land. Då skipet la til kai var eit stabiliseringsstag ute, og det vart pressa inn i skipssida og laga eit hol på 38 gonger 8 cm. Det tok ei tid før ein oppdaga denne skaden. Skipet fekk etterkvart sterk slagside, og det var ei tid fare for at det skulle kantre før det lukkast å tette lekkasjane og pumpe ut vatnet.

To av mannskapet omkom under ulukka, ni vart sende til Ålesund sjukehus og to alvorleg skadde til Haukeland Universitetssjukehus i Bergen. Til saman kom 16 personar til skade.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: MS «Nordlys» (1994)