DS «Ariadne»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ariadne i 1930
Karriere  Noreg
Namn: DS «Ariadne»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Nyland Mek. Verksted i Kristiania/Oslo
Byggekostnad: 1 466 121 kroner[1]
Verftsnummer: 303
Jomfrutur: mars 1930
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LDNJ
Lagnad: Søkkt i flyåtak 1940
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 2 029 brt, 1 138 nrt
Daudvekt: 2 000 tdw.
Lengd: 271,3 fot (82,7 m)
Breidd: 38,2 fot (11,6 m)
Djupgang: 19,4 fot (5,9 m)
Installert effekt : NHK 366 IHK 2140
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Nyland)
Fart: 13,5 knop
Passasjerar: 114 passasjerar

DS «Ariadne» (kallesignal LHTP / LDNJ) var eit dampskip bygt i 1930 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Skipet gjekk i ruta TrondheimBergenRotterdam. I desember 1939 vart skipet sett inn i hurtigruten mellom Bergen og Kirkenes. I juni 1940 vart DS «Ariadne» søkkt av tyske fly i nærleiken av Røst i Lofoten. Åtte menneske omkom.

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Ariadne er ein asteroide som vart oppdaga i 1857.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Nyland Mek. Verksted i Oslo og kosta nesten 1,5 millionar kroner[1] då det vart levert i mars 1930.[2] 27. mars 1930 vart det utført teknisk prøvetur[3] og den offisielle prøveturen vart utført 31. mars, der det oppnådde ein fart på 15,5-16 knop.[4] Etter overleveringa vart skipet sett inn på ruta ho vart bygd for, Rotterdam-ruta. 11. april gjorde skipet jomfruturen sin.

14. juli 1930 gjekk skipet ut frå Måløy og var komen utafor Stad då det fekk ein maskinskade. Det måtte vende attende til Måløy, der det i løpet av same dagen fekk reparert skaden.[5]

Natt til 14. desember 1931 gjekk «Ariadne» på grunn nær Trefotskjæret ved Oddane sør for Florø i dårlig sikt, kraftig vind og sterk straum. Skipet vart ståande på grunn og sto nokså høgt, men var tett. Bergingsfartøya DS «Jason» og DS «Traust» kom til for å dra det av land ved flo sjø.[6] Skipet segla til Bergen der dykkarar undersøkte skroget. Berre nokre naglar var blitt sprengt av. Skipet vart sett i dokk i Laksevåg og fiksa på eit par dagar.[7] Skaden vart taksert til 26 600 kroner, medan skipet i skadelidd tilstand vart verdsett til 875 000 kroner.[8]

I månadsskiftet februar-mars 1933 var skipet vikar for MS «Venus» i Englandsruta til Newcastle. Seinare det året, 11. august, fekk ein arbeidsmann ombord på skipet ein heis mjølsekkar over seg og brakk den eine foten, i tillegg til at han fekk ein del annan skade. Mannen vart køyrd til Haukeland sjukehus.[9]

21. januar 1934 braut det ut brann i ein av tre-mannslugarane på 2. klasse akter på skipet medan det låg til kai ved Skoltegrunnskaien i Bergen. Ein mann låg og sov på lugaren og det var ein av mannskapet som oppdaga brannen og slo alarm. Brann vart prøvd sløkt med langing av bøtter av vatn, men det var først då dei fekk på plass ein slange at dei fekk kontroll over elden. Det vart ikkje større skadar og skipet kunne halde fram i ruta som planlagd.[10]

Fredag 3. juni 1938, i pinsehelga, kom «Ariadne» til nordre Tollbodkaien i Bergen og sette i land passasjerane der. Det fekk så melding om å snu skipet og vende andre sida til kaien. For å få dette til vart bukserbåten DS «Allert» kalla inn for å gjere jobben. På grunn av sterk straum klarte ikkje «Allert» jobben aleine, så kapteinen gav ordre om å starte maskinen, så dei kunne hjelpe til å snu skipet. Kapteinen var sjølv på vakt og stod ved roret og gav ordre til maskinen om å slå fart akterover elle framover. Han merka derimot at skipet gjekk raskare og raskare framover, og slo fleire gonger full fart akterover utan resultat. Han slo så stopp og så akterover, og merka at skipet sakka av. Men det var for seint. Skipet gjekk inn i bodane til Johan C. Martens og gjorde stor skade. Kapteinen spurte maskinisten om det skulle bli kutyme med desse feilaktige manøvrane i maskinrommet, men då dei gjekk igjennom ordrene som maskinisten hadde notert ned frå brua, stemte dei overeins. Førstestyrmannen hadde stått på bakken og då han såg at skipet gjekk raskare og raskare framover hadde han på eige initiativ felt ankeret. Han såg så opp og såg at kapteinen rista på hovudet. Konklusjonen var at sidan maskinen var slått av då skipet først la til kai, så hadde damptrykket på maskinen gått ned frå 200 pund til 140 pund, medan fyren under kjelane var mindre. Dermed vart maskinen mindre effektiv enn det som var vanleg.[11]

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Hurtigruta DS «Ariadne» kjem til Vadsø (1940)
Foto: Trygve B. Gjervan

16. september 1939, etter andre verdskrigen var brote ut, gjekk «Ariadne» i opplag i Krohnviken i Bergen, og etter nokre dagar vart det flytta til Damsgårdssundet ved Dokkebukten. Her låg det fram til 3. desember 1939, då det gjekk inn i regulær hurtigrutetrafikk.[12] Skipet gjekk i denne ruta som avløysarskip for DS «Polarlys» fram til 14. februar 1940, då det igjen gjekk i opplag i Damsgårdssundet.[13] Ei veke seinare gjekk det inn att i hurtigruten som avløysarskip for DS «Midnatsol», medan dette låg til overhaling. 8. april 1940 var «Ariadne» komen til Bodø, der det låg 9. april under åtaket på Norge 9. april 1940. Skipet vart så rekvirert av dei norske styresmaktene. Ho vart nytta til troppetransportar i forsvaret av Nord-Noreg, og seinare som hospitalskip. Skipet vart då markert som hospitalskip etter internasjonale reglar. Ho låg oppankra i Birtavarre den 7. juni og tidleg den ettermiddagen vart ho sendt til Tromsø for vidare ordrar. Der vart skipet fortalt om å gå til LerwickShetland, om dei kunne nå fram til ein konvoi som alt hadde gått ut. Om dei ikkje nådde denne, sulle dei gå til Thorshavn på Færøyane.[14] Etter å ha teke ombord bunkers, ferskvatn, kart og ruteordren, var ho klar til avgang på kvelden, men vart beden om å vente på nokre passasjerar. Desse kom tidleg på morgonen den 8. juni, og skipet for ut like etter. «Ariadne» hadde då eit mannskap på 38 og 16 passasjerar, mellom andre kvinner og barn. I lag med DS «Prins Olav» frå Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab (NFDS) , eit anna hurtigruteskip som hadde sleppt unna krigshandlingane.

Klokken 22.30 9. juni 1940 omkring 80 nautiske mil vest av Røst, vart dei to skipa oppdaga av seks tyske bombefly. Flya gjekk til åtak, og skaut på skipa med maskingeværsalver og sleppte bomber. DS «Ariadne» vart råka først, sjølv om ho var merkt som hospitalskip. Ei bombe råka framom brua som øydela styremekanismen og sette skipet i brann.[14] Skipet vart råka av tre bomber til, og to av livbåtane vart øydelagde. I følgje kapteinen varte åtaket i 45 minutt. DS «Prins Olav» gjorde unnvikande manøvrer, men vart til slutt råka av to bomber i akterskipet. Begge skipa sokk, og ein person frå «Prins Olav» omkom, medan åtte menneske frå DS «Ariadne» mista livet. Alle dei resterande vart plukka opp nokre timar seinare av den britiske jagaren HMS «Arrow».

Sjøforklaringa vart halde i Newcastle-on-Tyne den 24. juni 1940 med kaptein Tønseth, førstestyrmann Ingebrigtsen, matros Øian, lettmatros Terjesen (som var på utkikk under åtaket) og førstemaskinst Berentsen.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 2 029 brt, 1 138 nrt og lasteevna var 2 000 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 059 , og av dette var 1 252 m³ kjølerom. I tillegg hadde skipet to tankar til transport av ål. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Nyland. Oppgjeven yting var 2 140 iHk (indikerte hestekrefter) og 366 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 13,5 knop.[1]

Skipet hadde rom til 64 køyer på 1. plass (1. klasse) midtskips, 40 køyer på 2. plass akter og 10 køyer på 3. plass forut.[1] Skipet hadde ein spisesalong i lys bjørk for 60 personar og eigen røykesalong.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «D/S Ariadne». Sjøhistorie.no. Henta 1. august 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 52. Henta 1. august 2020. 
  3. ««Ariadne» på teknisk prøvetur». Bergen: Bergens Tidende. 28. mars 1930. s. 9. Henta 1. august 2020. 
  4. ««Ariadne»s prøvetur i dag». Bergen: Bergens Tidende. 31. mars 1930. s. 5. Henta 1. august 2020. 
  5. ««Ariadne» fått maskinskade». Bergen: Bergens Tidende. 14. juli 1930. s. 9. Henta 1. august 2020. 
  6. «Bergenskes «Ariadne» grunnstøtt ved Oddene». Bergen: Bergens Tidende. 14. desember 1931. s. 1. Henta 1. august 2020. 
  7. ««Ariadne» slapp bra fra grunnstøtningen». Bergen: Bergens Tidende. 15. desember 1931. s. 9. Henta 1. august 2020. 
  8. «Takst over «Ariadne»s skade». Bergen: Bergens Tidende. 2. januar 1932. s. 9. Henta 1. august 2020. 
  9. «Ulykke under lossing». Bergen: Bergens Tidende. 12. august 1933. s. 2. Henta 1. august 2020. 
  10. «Brann i en lugar på Bergenskes «Ariadne»». Bergen: Bergens Tidende. 22. januar 1934. s. 3. Henta 1. august 2020. 
  11. «Da «Ariadne» rente inn i Johan C. Martens boder». Bergen: Bergens Tidende. 7. juni 1938. s. 2. Henta 2. august 2020. 
  12. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 2. desember 1939. s. 10. Henta 2. august 2020. 
  13. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 14. februar 1940. s. 6. Henta 2. august 2020. 
  14. 14,0 14,1 «D/S Ariadne». USA: Warsailors.com. Henta 2. august 2020.