Macadamia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Macadamia

Macadamia integrifolia.jpg

Vitskapleg namn
Macadamia
Utbreiing
Område: New South Wales og Queensland i Australia
Systematikk
Rike: Plante
Divisjon: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Proteales
Familie: Proteaceae
Slekt: Macadamia
Artar

Macadamia-slekta er ei planteslekt frå Aust-Australia. Frøa frå nokre av artane blir etne som makadamianøtter. Slekta er kalla opp etter John Macadam, ein australsk vitskapsmann som var kollega av Ferdinand von Mueller, som først skildra henne botanisk.

Slekta omfattar fire artar. Tidlegare rekna ein med fleire artar som no er blitt skilde ut til slekta Lasjia. To av desse veks på Sulawesi i Indonesia og tre i Australia. Desse tre siste er framleis kjende som makadamiatre i daglegtale.

Macadamia-artar dannar eviggrøne tre som kan nå høgder frå 2 til 12 meter. Dei har blomar med ei lengd på 10-15 mm som varierer i farge frå kvit til rosa til lilla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.